Fagstoff
Interaktivt innhald
Motorsag – sikkerheit
Motorsaga er ein av dei farlegaste arbeidsreiskapane du bruker. Kvart år er det mange som blir skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Årsaka er manglande bruk av verneutstyr og manglande kunnskap om sikkerheit og rett bruk. Lær deg å bruke motorsaga på ein sikker måte!
HMS
Kvart år er det mange som blir skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Hovudårsakene til det er manglande bruk av verneutstyr og manglande kunnskap og kompetanse om sikkerheit og rett bruk. Krav til verneutstyr er heimla i forskrift til arbeidsmiljølova, så dersom du ikkje bruker verneutstyr, bryt du faktisk lova.
Hugseliste
Du skal ha
- hjelm
- høyrselsvern
- visir
- vernebukse
- vernestøvlar
- jakke med signalfargar
- hanskar
- enkeltmannspakke
- mobil
Saga skal ha
- kjedebrems
- kjedestoppar
- gassperre
- stoppknapp
Relatert innhald
Vedlikehald av motorsag
Motorsaga revolusjonerte skogsarbeidet frå rundt 1950 på same måten som hogstmaskinene gjorde det frå rundt 1980.