Trepartssamarbeidet - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Trepartssamarbeidet

I arbeidslivet har vi fleire partar som samarbeider. Arbeidstakarane, altså dei som har ein jobb, arbeidsgivarane, dei som tilset folk, og staten samarbeider om spelereglane seg i mellom. Dette blir kalla trepartssamarbeidet.

Samarbeid

Dei ulike organisasjonane som representerer arbeidstakarar og arbeidsgivarar, jobbar saman med staten for ei utvikling av samfunnet og ei regulering av arbeidslivet. Vi seier òg at trepartssamarbeidet er eit av tre bein i den nordiske samfunnsmodellen, saman med blandingsøkonomien og velferdsstaten.

At flest mogleg er i jobb og tener nok til at dei kan forsørge seg sjølve og betale skatt, er ein sentral verdi i velferdsstaten. Mykje av samarbeidet i trepartssamarbeidet handlar om lønn og forhandlingar om lønn og andre reguleringar av arbeidslivet. Her handlar det både om rettar og plikter.

Forhandlingar og lønnsnemd

Kvart år har vi lønnsforhandlingar, men når organisasjonane forhandlar, handlar det òg om litt meir. Vi kallar det tarifforhandlingar. Tariffavtalane som det blir forhandla om handlar òg om arbeidstid, oppseiingsfristar, ferie, pensjon m.m.

Under tarifforhandlingar forhandlar arbeidstakarorganisasjonen og arbeidsgivarorganisasjonane. Viss desse organisasjonane ikkje blir samde, kan staten gripe inn – først med mekling, så med lønnsnemd. Ved frivillig lønnsnemnd lèt partane ei statleg nemnd bestemme utfallet av konflikten mellom dei. Staten kan òg bruke tvungen lønnsnemd dersom liv, helse eller andre samfunnsmessige verdiar står på spel. Då overkøyrer staten både arbeidstakarane og arbeidsgivarane for å få ei løysing på konflikten. Tvungen lønnsnemnd blir stort sett berre brukt i samband med streik.

Om arbeidslivspolitikk, pensjon og inkluderande arbeidsliv

Det er ikkje berre ved lønn og tarifforhandlingar at vi har eit trepartssamarbeid i Noreg. Organisasjonane arbeider saman med den sitjande regjeringa i arbeidslivs- og pensjonpolitisk råd. Avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, kalla IA-avtalen, er noko arbeidslivsorganisasjonane og staten har vorte samde om. Denne avtalen blir vidareutvikla og forhandla om på nytt med jamne mellomrom. Inkluderande arbeidsliv handlar om å skape eit arbeidsliv der alle har ein plass, gjennom mellom anna å førebygge sjukefråvær.

Skrive av Mirjam Sorge Folkvord og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020