Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Dyrking av potet

Fagstoff
Interaktivt innhald

Poteter

Poteta har ein lang tradisjon i Noreg og ei av dei mest allsidige matvarene i verda med mange bruksområde. I den interaktive e-forelesninga om potet under (lengde 3:29) kan du lære om ulike sortar, korleis poteter bør oppbevarast, og om næringsinnhald. Du får òg tips til korleis dei kan lagast til.

Historie og utbreiing

Poteta finst viltveksande i Sør-Amerika, og dei første potetene vart truleg etne i Andesfjella for kanskje så lenge som 10 000 år sidan. Poteta kom til Europa med dei spanske erobrarane på 1500-talet og vart først dyrka på Kanariøyane. Derfrå spreidde poteta seg til resten av Europa og vidare til andre delar av verda.

Poteta var ei hovudårsak til at befolkninga i Europa auka og fekk betre helse utover på 1800-talet. I Norge vart ho ei god kjelde til vitamin C, og saman med kålrot var ho viktig for å førebygge skjørbuk.

Bruksområde

Poteter er ikkje berre poteter. Det er store smaksforskjellar mellom ulike potettypar, og konsistensen varierer, og i tillegg har kvar enkelt sort ulik storleik. Poteta har generelt ein nøytral og behageleg smak, noko som gjer ho til eit utmerkt tilbehøyr til dei fleste matrettar.

Du kan koke, steike, bake, stue, gratinere, mose og fritere poteter. Dei er òg flotte å bruke i supper, gryterettar, bakverk, salatar og omelettar. I tillegg kan potet vere råstoff for spritproduksjon. Det finst ei potet til alle høve! Det er viktig å merke seg at alle poteter må varmebehandlast på ein eller annan måte før dei kan brukast.

Kokefaste eller mjølne poteter

Dei ulike potetsortane oppfører seg ulikt under tillaging. Nokre sortar toler koking godt. Dei er faste og held forma sjølv etter koking. Desse kallar vi kokefaste. Døme på kokefaste potetsortar er asterix, folva, beate, solist og laila.

Andre sortar går lett sund når dei blir kokte, og smuldrar opp i gryta. Desse potetene må kokast forsiktig og berre trekke på slutten av koketida. Desse potetene blir kalla mjølne. Døme på mjølne potetsortar er mandel- og ringerikspotet, gullauge, pimpernell og kerrs pink.

Dei kokefaste potetene eignar seg, som namnet tilseier, godt til koking, men dei er òg veleigna til lefse- og lompebaking. Dei passar godt til supper og lapskaus der vi ikkje vil ha den jamnande effekten. Mjølne poteter eignar seg godt til mos, til bakepoteter og når vi ønsker ein jamnande effekt på det vi lagar. Både kokefaste og mjølne potetsortar er ypparlege til steiking i panne eller i omn og òg til gratinering.

Vi har òg ein del sortar som er ein mellomting mellom kokefaste og mjølne. Dei opplevast som mjølne, men toler likevel koking ganske bra.

Dyrking og lagring

Poteta er ein innvandrar som verkeleg har blitt ein del av norsk kultur. Ho blir i dag dyrka over heile landet og har vore ei av dei viktigaste matvarene våre. Gjennom foredling er det utvikla mange ulike sortar med varierte eigenskapar. Nokre blir hausta tidleg på sommaren og blir etne som nypotetar, mens andre blir hausta seinare. Fleire sortar er òg godt eigna for lagring gjennom vinteren.

Poteter er ømfintlege for lys og må bli oppbevarte mørkt, fuktig og mellom 4 og 6 gradar. Dersom potetene blir oppbevarte ved lågare temperaturar, kan dei utvikle ein søtare smak fordi stivelse blir danna om til sukker.

Norsk sesong

Tidlege sortar kan haustast i mai–juli. Seine sortar kan haustast i august–oktober.

Næringsinnhald

Poteta er ei allsidig næringskjelde og bidreg mellom anna med kostfiber, vitamin C, folat og antioksidantar. Poteta har òg eit høgt innhald av kalium, som kan vere gunstig for blodtrykket. Ho inneheld lite feitt, men er rik på energi i form av stivelse.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kjelde

Sandvik, H. (2024, 6. november). Da poteten kom til Norge. Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/grunnlov-og-ny-union/1305-da-poteten-kom-til-norge.html

Relatert innhald

Skrive av Jannike Gausdal. Rettshavar: Bama.
Sist oppdatert 25.02.2026