Om gris og grisehald - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Om gris og grisehald

Gris held vi først og fremst fordi det er eit husdyrslag som er effektivt til produksjon av kjøtt. For bonden som held gris, og for landbruket samla sett, er grisen viktig fordi han gir ekstra inntekter og sysselsetjing på mange gardsbruk.

Produksjonen av gris er delt, slik at nokre produsentar held avlspurker og aler opp smågrisar, mens andre spesialiserer seg på å fôre opp slaktegris. Då kjøper dei smågris frå purkebesetningane og fôrar dei fram til ferdige slakt med ei levandevekt på 100 kg eller litt over. I 2020 var det 1720 besetningar med gris i Noreg. Dei siste åra har det vorte slakta om lag 1,6 millionar grisar kvart år.

Smågrisproduksjon

Ein smågrisprodusent har avlspurker eller leier inn avlspurker frå ein purkering. I fjøset hos smågrisprodusenten er det ei purkeavdeling der purkene går saman i drektigheitstida og i perioden etter at grisungane er avvende og fram til purkene blir inseminerte igjen.

Hovuddelen av fjøset er fødeavdelinga. Her er det fødebingar spesielt tilpassa perioden rundt og vekene purka og grisungane går saman etter fødsel.

Purkene blir plasserte i ein eigen fødebinge når det nærmar seg grising. Her er det viktig at purka får ro og er skjerma frå andre purker. I det fri vil purkene naturleg trekke bort frå flokken når dei skal ha ungar. Eit anna sterkt instinkt hos purka er reirbyggingsåtferda. Derfor er det viktig at purka har nok til dømes halm, til å "bygge reir med" i fødebingen. Dette motverkar stress og fødselsvanskar.

Purka får vanlegvis 12–14 grisungar, men ei verkeleg god avlspurke kan få kull på mellom 15 og 20 ungar. Grisungane går saman med mora i fødebingen til dei er om lag fem veker gamle. Då blir vanlegvis purka flytta ut, og smågrisane blir avvende og deretter fôra vidare i cirka fem veker til. Då er dei store nok til å sendast vidare til ein slaktegrisprodusent.

Slaktegrisproduksjon

Ein slaktegrisprodusent kjøper inn smågris når dei er cirka ti veker gamle, og fôrar dei fram til slakteklar storleik, 100–130 kg ved fem–seks månaders alder. Hos slaktegrisprodusenten går grisar på omtrent same storleik saman i grupper i bingar. I denne produksjonen er det viktig å ha fokus på at grisane skal kunne utøve naturleg åtferd, for å unngå stress, skadar og sjukdom. Halebiting er døme på eit problem som kan oppstå viss grisane ikkje har det optimalt. Dette kallar vi problemåtferd.

For grisen er roteåtferda viktig, så noko av det viktigaste vi gjer, er å sørge for at slaktegrisen har nok rotemateriale, slik at dei har noko å halde på med og ikkje kjedar seg. I tillegg er flokkåtferda sterk hos grisen, og dei har behov for å utøve synkron åtferd. Det vil seie at dei ønsker å gjere same ting samtidig. Altså må det vere nok plass ved fôrtroa til at alle kan ete samtidig, og nok plass på liggearealet til at alle kan ligge samtidig.

Når slaktegrisane når ønskt slaktevekt, blir dei sende med dyrebil til slakteriet. Her blir dei bedøvde og deretter avliva. Bedøving av gris på norske slakteri skjer ved bruk av karbondioksid, CO2. Grisen går inn i eit gasskammer der det blir tilført ein høg konsentrasjon av CO2, noko som gjer grisen medvitslaus i løpet av 15 sekund. Deretter blir grisen send gjennom slaktelinja der han først blir hengd opp etter bakbeina og blodtappa. Det skjer ved at ein stikk i hovudpulsåra i halsen. Det er dette som er sjølve avlivinga.

Det finst òg produsentar som driv kombinertproduksjon. Det betyr at dei driv med både smågris og slaktegris på same gard. Dette krev ein meir omfattande bygningsmasse, med fleire avdelingar eller bygg, fordi fødeavdelinga og slaktegrisavdelinga har ulik form.

Ringverknader

Produksjonen av svinekjøtt er òg viktig for dei som er sysselsette i næringar med tilknyting til landbruket, slik som fôrindustrien, transportnæringa, slakteria og foredlingsverksemdene.

Finn ut meir

Observer og beskriv korleis ei grisepurke oppfører seg når ho skal gi ungane mjølk, og korleis ho bruker lyd for å gi beskjed til grisungane om at "no er det mat å få".

Skrive av Torger Gjefsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022