Økologi og økosystem - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Økologi og økosystem

Økologi er læra om samspelet mellom dei levande organismane og miljøet dei lever i. Naturen består av levande og ikkje-levande deler.

Levande og ikkje-levande faktorar

Dei levande delane blir kalla biotiske faktorar og er alle dei levande organismane, slik som plantar og dyr. Dei ikkje-levande delane blir kalla abiotiske faktorar og er til dømes temperatur, klima og vatn. Desse utgjer det miljøet artane lever i.

I økologien studerer vi korleis organismane påverkar kvarandre, det biotiske miljøet, og korleis organismane påverkar og blir påverka av det ikkje-levande, abiotiske, miljøet dei lever i.

Levande faktorar

Vi deler gjerne organismane i økosystemet inn ulike grupper ut frå korleis dei skaffar seg næring.

Produsentar

Plantar har celler med klorofyll som gjer at dei kan utføre fotosyntese. Det inneber at cellene kan ta opp vatn og karbondioksid og utnytte solenergi til å bygge om desse stoffa til sukker og andre energirike organiske molekyl. I tillegg blir det danna oksygengass i fotosyntesen.

På grunn av denne evna til å binde solenergi og lagre han i energirike kjemiske molekyl som andre kan utnytte, kallar vi plantane for produsentane i naturen.

Konsumentar

Ingen dyr kan utnytte solenergien til å skaffe seg næring og energi på same måte som plantane. Dyra er avhengig av å utnytte organiske molekyl som plantane har bygd opp. Derfor blir dyra kalla konsumentar eller forbrukarar, dei forbruker energi som plantane har produsert.

Nokre dyreartar utnyttar plantane direkte og blir kalla primærkonsumentar. Andre dyreartar er kjøttetarar som skaffar seg mat ved å ete dei planteetande dyra. Desse blir kalla sekundærkonsumentar.

På denne måten kan næringa gå gjennom ei lang rekke av konsumentar: førstekonsumentar, andrekonsumentar og så vidare.

Nedbrytarar

Nedbrytarar er nemninga på dei organismane som utnyttar den siste resten av energien i organiske stoff frå dyr og plantar.

Ofte blir smådyr som meitemakk og biller omtalte som nedbrytarar fordi dei lever av døde dyre- og planterestar, men det er ulike mikroorganismar, bakteriar og sopp som er dei eigenlege sluttnedbrytarane. Dei etterlet seg energifattige stoff som vatn, ammoniakk og andre uorganiske samband og gjer desse tilgjengelege for plantar.

Vi deler inn naturen i ulike økosystem

Eit økosystem er ein naturtype med organismar tilpassa eit bestemt naturmiljø. Det er stor avhengnad og gjensidig påverknad mellom dei ulike organismane og mellom organismane og miljøet i det same økosystemet.

Mellom ulike økosystem er det mindre som knyter organismane saman. Eit økosystem blir dermed ein naturtype som blir kjenneteikna av bestemde organismar og miljøforhold.

Ulike økosystem gir mangfald

Døme på ulike økosystem kan vere innsjø, myr, skog, fjell og fjæresona. Kvar av desse kan igjen bli delt opp meir detaljert, til dømes i barskog og lauvskog. Desse kan òg delast inn i fleire typar ut frå ulike miljøforhold som klima, næringsforhold i jorda og tilgang på vatn. Slik får vi mange ulike økosystem som dannar grunnlaget for eit stort naturmangfald.

Oppgåver

Abiotisk eller biotisk?

Er faktorane abiotiske eller biotiske? Dra dei over i den kategorien som passar best.

Viktige omgrep

Kjelde

Lee, A. M. (2019, 10. mai). Predasjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/predasjon

Skrive av Svein Gunnar Råen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023