Mangfald av økosystem og artar - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Mangfald av økosystem og artar

Arealinngrep, sur nedbør og innføring av fremande artar er påverknader som endrar naturmiljøet og dermed det biologiske mangfaldet. Det nytter lite å frede artar dersom naturtypen som arten er avhengig av, forsvinn.

Mangfald av økosystem

I dag finst det tre typar påverknader som særleg endrar naturmiljøet og dermed det biologiske mangfaldet i Noreg: arealinngrep, sur nedbør og innføring av framande artar.
Det nyttar lite å frede artar dersom naturtypen som arten er avhengig av, forsvinn. I dag har vi landskapsvernområde, naturreservat og nasjonalparkar som avgrensar lokale forstyrrande inngrep.
Eit anna problem er at leveområde blir stykkja opp av vegar og busetnad, slik at vandringsvegar blir hindra og små populasjonar blir isolerte med fare for innavl.

Artsmangfald

Konvensjonen om biologisk mangfald (Riokonvensjonen) er den første globale avtalen om vern og berekraftig bruk av alle biologiske ressursar. I avtalen står det at partane skal fjerne og hindre innførsel av framande artar, kartleggje biologisk mangfald, overvake truande verksemder og setje i verk tiltak for vern, rehabilitering og berekraftig bruk av dei biologiske ressursane.

I Norsk Raudliste 2006 (Artsdatabanken) tilfredsstiller 3886 av i alt 18 482 vurderte norske artar kriteria for raudlisting. Eksempel på dyreartar i Noreg blant dei 269 som er kritisk trua, er fjellrev, ulv, dverggås og åkerrikse.

Interessekonfliktar

Styresmaktene set i gang ulike tiltak for å verne det biologiske mangfaldet. Dette medfører ein del hindringar for næringsutøving, ressursutnytting og personleg utfalding. Les meir om interessekonfliktar av ulike slag frå ressursar relatert innhald.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2018