Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Lauvtre

Lauvtre er ei stor gruppe med mange artar òg i Noreg. Fleire av lauvtreartane er viktige innslag i kulturlandskapet og har mykje å seie for mange viltartar. Lauvtre feller blada om hausten, med unntak av kristtorn, som er eviggrøn.

Lauvtre i Noreg

Lauvskog utgjer omtrent 20 prosent av all skogen i Noreg. Vi har ulike typar lauvskog:

  • Edellauvskog med varmekjære artar finst i sør.
  • Bjørkeskogar med innslag av meir hardføre artar som rogn, osp og selje er vanlege lenger nord.
  • Fjellbjørkeskogen veks i fjellet opp mot tregrensa.

Mange av lauvtreslaga vi har i Noreg, er rekna som pionerartar. Det vil seie at dei er tidleg ute med å etablere seg på stader der det for til dømes har vore hogst, skogbrann, ras, stormfelling, beiteområde eller dyrkamark som ikkje lenger er i bruk. Felles for mange av pionerartane er at dei er lyskrevjande. Det vil seie at dei treng mykje lys for å kunne vekse. Nokre få artar toler meir skugge og kan vekse sjølv om andre, større tre skuggar for.

Særbu eller sambu

Nokre av lauvtreartane har hann- og hoblomster som sit på kvart sitt tre. Det kallar vi særbu. Når hann- og hoblomstrane sit på same treet, kallar vi det sambu. Lauvtre formeirar seg på ulike måtar. Pollen vert spreidd med vind og insekt, men mange artar har òg vegetativ formeiring ved hjelp av rotskot eller stubbeskot. Frøa, i form av bær eller frukt, vert spreidde av vind, fuglar eller andre dyr.

Vanlege lauvtreartar i Noreg

Bjørkeartar

Vi har tre artar av bjørk i Noreg: dunbjørk (Betula pubescens), hengebjørk (Betula pendula) og dvergbjørk (Betula nana). Bjørkeartane har hannraklar og horaklar på same treet og er derfor sambu. Dei set òg stubbeskot.


Dunbjørk

Dunbjørk, vanleg bjørk, er eit hardført treslag som finst over heile landet. Namnet kjem av at skot og unge greiner er dekte med "hår" som vernar mot kulde. Dunbjørka har ovale blad med kort bladspiss og sagtakkete rand.

Borken er kvit og glatt og blir brukt til never. Tørr never eignar seg godt til å fyre opp bål med. Never var tidlegare brukt som underlag på torvtak og til bruksgjenstandar innanfor handverk og husflid. I dag er bjørk eit viktig treslag i produksjonen av ved. Dunbjørk kan bli opptil 20 meter høg og 100 år gammal. I sjeldne tilfelle blir ho over 200 år.

Hengebjørk

Hengebjørk, låglandsbjørk, er mindre hardfør enn dunbjørk. Hengebjørka skil seg frå dunbjørka ved å ha dobbelt sagtakkete bladrand og spissare blad. Unge skot og kvister har "vorter" i staden for hår.

Lik vanleg bjørk er borken kvit på yngre trær, men sprekk etter kvart meir opp. Hengebjørka veks raskt og kan bli opptil 30 meter høg. Alderen er som dunbjørk.

Dvergbjørk

Dvergbjørka er den minste og mest hardføre bjørkearten vår. Ho trivst best i fjellet, over skoggrensa. Ho er buskforma og har ikkje noko å seie økonomisk i jordbruket.


ROS-artane: rogn, osp og selje

Rogn, osp og selje er blant dei viktigaste beitetrea for fleire av viltartane. Dei krev mykje lys og etablerer seg raskt på hogstflater og andre lysopningar.

Rogn

Rogn (Sorbus aucuparia) veks i heile Noreg. Dette er eit pionertreslag som elskar lys, men finst òg som enkelttre i glissen barskog. Ho har smale, sagtakkete blad som sit parvis oppetter ein stilk, og kvite blomstrar som blir til oransjeraude bær. Borken er glatt og glinsande grå. Av bæra kan vi lage gelé eller syltetøy.

Rogna blir opptil 15 meter høg og tek til å skrante ved 50-årsalderen. Ho er eit av dei viktigaste beitetrea for fleire viltartar. Ikkje minst er bæra populær føde for mange fugleartar.

Osp

Ospa (Populus tremula) høyrer til pilefamilien og er vanleg over heile landet. Blada er runde med butte tenner. Om hausten, når det er vind, høyrer vi ofte raslinga frå ospeblada. Ospa er særbu (hann- og hotre), og pollen blir spreidd ved hjelp av vinden. Ho formeirer seg òg ved hjelp av rotskot og stubbeskot. Ospa veks raskt og kan bli rundt 30 meter høg, men ho blir sjeldan over 100 år gammal.

Osp blir mellom anna brukt til fyrstikkproduksjon og er viktig som beitetre for storvilt og hare og som reirtre for mellom anna hakkespettar.

Selje

Selje (Salix caprea) er eit vanleg treslag i heile Noreg. Ho finst i fleire ulike former (underartar) og er eit av dei første trea som blomstrar om våren. Selja har eigne hann- og hotre (særbu) som blir bestøva av humler og bier. Knoppane på hannblomsteren utviklar seg til gåsungar tidleg på våren. Selje kan òg spreie seg ved hjelp av rotskot og er eit villig pionertre som etablerer seg på nye stader. Treet kan bli 20 meter høgt og blir sjeldan eldre enn 50 år.

Selja er eit viktig næringstre for viltartane, men har inga større økonomisk betydning.

Oretre

I Noreg har vi artane gråor og svartor. Oretrea er sambu, med hann- og hoblomstrar på same treet. Oretrea har vindpollinering, men formeirar seg òg med stubbeskot og rotskot.

Eit anna særtrekk ved oretrea er at dei har små knollar på røtene (sopp) som tek opp nitrogen frå lufta. Vi seier at denne soppen lever i symbiose (samliv) med treet. Soppen tilfører treet nitrogen og får karbohydrat og andre næringsstoff tilbake. Oretrea feller grøne blad, og jorda i oreskogen er derfor næringsrik.

Gråor

Gråor (Alnus incana) er vanleg i heile landet med unntak av delar av Finnmark. Ho er eit villig pionertreslag som gjerne etablerer seg i åkerkantar, dalskråningar, rasområde og langs bekkar og elvebreidder. Gråor har ovale, sagtannete blad. Dei hannlege kjønnsorgana er forma som lange raklar, mens dei holege kjønnsorgana er forma som små kongler.

Gråor kan bli 20–25 meter høg. Ho har i dag lite å seie økonomisk i Noreg, men har mellom anna vore brukt til å framstille fiberplater og sponplater. Elles blir ho mest sett på som ei ugrasplante som vi ønsker å bli kvitt. Gråor blir sjeldan særleg gammal, men kan visstnok oppnå ein alder på 200 år.

Svartor

Svartor (Alnus glutinosa) finst spreidd i Sør-Noreg, hovudsakleg langs kysten opp til Trøndelag. Svartor er eit varmekjært treslag, men er som gråora eit villig pionertre i sørlege strøk der det er varmare og lunare.

Svartor har òg hannlege raklar og holege kongler, som gråora. Blada er rundare i forma og har ikkje bladspiss. Svartor blir som gråora 20–25 meter høg og blir sjeldan eldre enn 120 år. Treverk frå svartor har eit særpreg og kan brukast til møblar og interiør.

Varmekjære treslag

Varmekjære treslag har større krav til veksestad, temperatur og breiddegrad enn dei meir hardføre artane av lauvtre. Vi finn derfor sjeldan varmekjære treslag særleg langt nord i landet. Dei har ei sørleg utbreiing i viltveksande tilstand. Mange varmekjære artar blir elles brukte i hagar og parkar over større delar av landet.

Eik

I Noreg har vi to artar av eik: sommareik (Querqus robur) og vintereik (Querqus petrea). Eik veks naturleg i Noreg sommes tader på Austlandet opp til Hedmark og elles langs kysten opp til Møre.

Både sommareik og vintereik har nøtter. Hos sommareika sit nøttene på ein lang stilk, mens dei er festa nær greina på vintereika. Vintereika er òg rettare i forma enn sommareika, som breier seg meir utover. Eika kan bli svært gammal, 500–1000 år, og ho kan bli 30–35 meter høg.

Ask

I Noreg veks ask (Fraximus excelsior) hovudsakleg på Austlandet og elles langs kysten opp til Nord-Trøndelag. Ho er eit kravstort treslag både når det gjeld jordsmonn og sommartemperatur. Ask har, lik rogn, fleire smale blad parvis oppetter ein stilk.

Ask finst både som særbu og sambu. Ask har flate nøtter med tungeforma venger som spreier seg med vinden. Treet kan bli opptil 30 meter høgt og oppnå ein alder på 250 år.

Alm

Alm (Ulmus glabra) er viltveksande i Noreg opp til Nordland. Han trivst best i blandingslauvskog i låglandet, men kan elles trivast i sørvende, lune lier i høgareliggande område. Alm har store ovale blad og flate nøtter (frø). Frøa har liten spireevne, og alm formeirar seg hovudsakleg ved rot- og stubbeskot.

Alm kan bli opptil 40 meter høg og 200 år gammal. Trevirke frå alm er ettertrakta og blant anna brukt i møblar.

Bøk

Bøk (Fagus sylvatica) veks i låglandet på Sørlandet. Dette er eit treslag som toler skugge. Hannlege og holege formeiringsorgan er på same tre (sambu). Blada er ovale, glatte og har ikkje taggete rand. Bøk har òg nøttefrukter som er trekanta i form og sit parvis i eit piggete hylster.

Treet kan bli 40 meter høgt og kan visstnok oppnå ein alder på 400 år.

Lønn

Spisslønn (Acer platanoides) er den einaste lønnearten som veks vilt i Noreg. Ho finst hovudsakleg på Austlandet og Sørlandet i vill tilstand, men er planta over heile landet og spreier seg. Blada er gulgrøne, breie og går ut i fem spisse flikar. Lønn er sambu og har vengeforma nøttefrukter.

Treet er særleg varmekrevjande og kan bli opptil 25 meter høgt og sjeldan over 150 år. Trevirket er eigna til møblar, reiskapar og musikkinstrument. Lønna trekker òg til seg bier og er derfor positiv for honningproduksjon.

Hassel

Hassel (Corylus avellana) veks vilt på Austlandet og i kyst- og fjordstrøka opp til Nordland. Hasselen blir eit tre eller ein busk på opptil seks meter.

Hassel har store rundlege blad med spiss og sagtakkete rand. Han er sambu med hannlege raklar og holeg blomsterstand som utviklar seg til nøtter. Nøttene kan etast.

Hegg

Hegg (Prunus padus) er vanleg i heile Noreg. Han trivst best der det er fuktig: nær elver, bekkar og vatn. Heggen har glatte, ovale blad med spiss og fin sagtakkete rand. Treet er sambu og har kvite, tvikjønna blomstrar om våren. Dei utviklar seg seinare til svarte, glinsande bær. Steinane i bæra er giftige i store mengder, men bæra blir brukte til å lage saft og likør.

Heggen toler skugge. Han er avhengig av insekt for å bli bestøva, men formeirar seg òg ved skot frå stubbe og rot. Bæra blir spreidde av fuglane. Treet veks raskt og kan bli frå seks til atten meter høgt. Hegg finst både som tre og som busk.

Lind

Lind (Tilia cordata) er naturleg utbreidd på Austlandet og langs kysten av Sør-Noreg opp til Nordmøre. Blada er hjarteforma med sagtakkete rand. Formeiringa skjer vegetativt eller ved bestøving av insekt. Lind er eit varmekrevjande treslag som toler lite frost.

Treet blir rekna som eit "halvskuggetre". Det vil seie at det toler litt skugge frå andre tre. Linda kan bli ganske gammal, fleire hundre år, og kan bli 20 meter høg. Trevirket blir brukt til treskjering og musikkinstrument.

Kristtorn

Kristtorn (Ilex aquifolium) skil seg frå andre treslag ved at han er eviggrøn. Det vil seie at han ikkje feller blada om hausten. Kristtorn er utbreidd langs kysten av Sør-Noreg og oppover til Nordmøre.

Treet er som regel buskforma, men kan òg bli eit tre på 10–15 meter. Blada er mørkegrøne på oversida og lysare på undersida. Dei er òg ganske tjukke og stive samanlikna med andre blad, og dei har piggar i bladranda.

Treet er særbu og har kvite blomstrar som seinare utviklar seg til raude bær. Kristtorn symboliserer ofte jul og blir brukt som pyntegrønt i juledekorasjonar.

Undersøk

Kva typar lauvskog finst der du bur? Kva artar av tre veks der, og kva planter veks i skogbotnen?

Hugselappen

Omtrent 20 prosent av skogen i Noreg er lauvskog.

Ulike typar lauvskog:

  • edellauvskog

  • bjørkeskog

  • fjellbjørkeskog

Omgrep

pionerart
art som slår seg ned der det er få artar frå før
særbu
hann- og hoblomstrar på forskjellige tre
sambu
hann- og hoblomstrar på same treet
vegetativ (ukjønna) formeiring
rot- eller stubbeskot

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Jonsen og Trine Merethe Paulsen.
Sist oppdatert 13.03.2018