Hopp til innhald
Nynorsk
Fagartikkel

Fotosyntesen

Fotosyntesen er den viktigaste livsprosessen på jorda. For over tre milliardar år sidan var det ikkje oksygen i atmosfæren. Dei eincella enkle organismane som fanst då, levde i havet. For det meste av livet den gongen var oksygen ei gift.

Nokre celler dreiv med fotosyntese. Dei brukte CO2 og vatn for å danne sukker som dei brukte til næring, og oksygen som dei sleppte ut. Gjennom eit par milliardar år vart det meir og meir oksygen i atmosfæren. Dette skjedde for ca. 500 millionar år sidan. Då hadde atmosfæren fått nok oksygen til at planter og dyr kunne leve der. Plantene treng oksygen for å drive celleanding.

Mogleg med liv på land

Då plantene hadde byrja vekse landjorda, var det mogleg for dyr å krabbe opp på land. Dette gjorde dei først for å unngå rovdyra i havet, men etter kvart utvikla dei seg til å kunne vere lenger på land enn i vatn. Dei utvikla lunger for å kunne ta opp oksygen frå lufta i staden for frå vatnet.

Plantene og fotosyntesen er derfor opphavet til nesten alt livet som eksisterer på planeten vår.

Fotosynteselikninga:

6CO2 + 6H2O + lys = C6H12O6 + 6O2


Karbondioksid + vatn + sollys = sukker (glukose) + oksygen

Produserer sukker

Når plantene driv fotosyntese, produserer dei sukker. Dette sukkeret blir brukt til mykje forskjellig. Plantene bruker sukker til næring, som dei til dømes lagrar i knollar under bakken. Då blir sukkeret danna om til stive – dette skjer mellom anna i poteta.

Plantene bruker òg sukkeret til å danne byggematerialar for å vekse. Då blir sukkeret omgjort til cellulose – som til dømes stammen på eit tre. I tillegg til at sukkeret er næring og byggemateriale for plantene, er det òg næring for dyr og menneske. Det er berre planter og algar som driv fotosyntese og kan produsere sukker. Vi kallar dei derfor produsentar.

Klorofyllkorn eller grønkorn

For at plantene skal kunne drive med fotosyntese, har dei grøne korn inne i cellene. Grønkorna har klorofyll som kan fange energien i sollyset. Dei fungerer nesten som solcellepanel. Energien som plantene hentar frå sollyset, bruker dei til å danne sukker: glukose. Oksygen er eit avfallsprodukt som plantene slepper ut.

I tillegg til fotosyntesen må planter drive med celleanding. Det gjer dei heile tida. Er det nok lys, blir det produsert meir energi i fotosyntesen enn det blir brukt i celleandinga, men er det mindre lys, vil plantene etter kvart ikkje klare å hente energi gjennom fotosyntesen, og dei må gå over på rein celleanding. Når plantene bruker like mykje oksygen i celleandinga som dei slepper ut gjennom fotosyntesen, kallar vi det kompensasjonsnivået til plantene. Ulike planter har ulikt kompensasjonsnivå, avhengig av om dei er tilpassa å vekse i mykje eller lite lys.

Simulering: Fotosynteselaboratorium

Film om fotosyntesen (5:11)

Relatert innhald

Fagstoff
Fotosynteselaboratorium

Simulering av korleis temperatur, lysfarge, lysstyrke og tilgang på karbondioksid verkar på fotosyntesen.

Skrive av Simen Østmoe.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2018