Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Fôr og fôring

Når vi skal stelle dyr, treng vi kunnskap om biologien til dyra. Ulike dyreslag har ulik fordøying og kan utnytte ulike typar fôr. Her får du ei oversikt over dei ulike fordøyingssystema hos husdyra våre.

Drøvtyggarar eller einmaga

Vi deler husdyra våre inn i to hovudgrupper etter kva slags fôr dei kan utnytte. Den eine gruppa blir kalla drøvtyggarar eller fleirmaga dyr. Desse har eit spesielt fordøyingssystem som kan bryte ned gras og andre fôrplanter på ein effektiv måte, og det er derfor som er hovudfôret deira. Storfe, sau og geit er døme på drøvtyggarar. Den andre gruppa kallar vi einmaga dyr. Dei har ei fordøying som liknar på vår eigen, og dei et hovudsakleg kraftfôr. Gris og fjørfe er døme på einmaga dyr.

Dei einmaga dyra har berre éin mage, i motsetning til drøvtyggarane som har tre formagar i tillegg til den eigentlege magen. Hesten er eigentleg einmaga, men fungerer i praksis mest lik ein drøvtyggar.

Både drøvtyggarar og einmaga dyr har sine fordelar og ulemper. Vi treng begge dyregruppene, og dei husdyrartane vi held her til lands i dag, er godt tilpassa dei ressursane vi rår over. Husdyra våre har ei rolle å spele i norsk husdyrproduksjon i dag og i framtida.

Skrive av Torger Gjefsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist oppdatert 03.05.2022