Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Bygningar og anlegg

Fagstoff

Driftsbygningar og andre næringsbygg

I landbruk og gartnarnæring er det behov for mange ulike typar bygg. Gjennom tidene har krava og behova endra seg. Når vi skal bygge hus, er det mange omsyn å ta, og bygningane må formast ut etter det dei skal brukast til.

Huset i historia

I tidlegare tider budde ofte menneske og dyr i kvar sin ende av det same huset. Husa var bygde av stokkar og torv eller av stein.

Men byggeskikkane forandra seg, og etter kvart vart det vanleg å bruke tømmer til husbygging. Gardane fekk fleire hus, og det vart bygd eigne hus for kvart behov: fjøs for dyra, stabbur for oppbevaring av mat, smie til reparasjon av reiskapar. Eit typisk gardstun kunne derfor bestå av mange ulike hus.

Etter kvart som landbruket forandra seg på 1800-talet, frå sjølvberging til sal av produkt, vart det bygd større bygningar som samla fleire funksjonar.

Setra

For å spare på grovfôret, høyet, vart utmarksbeite og fjellbeite brukte. Det var vanleg å sende dyra til seters i fjellet om sommaren. Budeiene budde på setra heile sommaren.

Med nokre unntak er det nesten slutt med seterdrift i dag, men husa på gamle setervollar står mange stader til minne om det livet som var. Ofte blir setrane brukte som fritidshus.

Nokre stader blir det drive moderne seterdrift. Bygningane på desse setrane liknar ofte meir på moderne hytter og driftsbygningar.

Naustet

I tilknyting til garden fanst det ofte fleire hus enn dei som var på gardstunet. Langs kysten har sjøen hatt mykje å seie, anten som hovudinntektskjelde eller i kombinasjon med gardsdrift.

Ein god båt var gull verd, og naust vart bygde for oppbevaring av båt og reiskap. Naust er framleis vanlege bygg langs kysten. Der blir det oppbevart mindre båtar og utstyr til fiskeria.

Nyare tid: spesialiserte produksjonar

I dag blir det ofte bygd store bygningar til spesialiserte produksjonar. Auka konsesjonsgrenser til dømes i fjørfe-produksjonar og krav til effektiv drift fører til større einingar. Fleire gardar kan slå seg saman om eit stort fjøs for mjølkeproduksjon. Dette blir kalla samdrift.

Døme på bygningar

Hus til dyr

Dyreromma er gjerne i hovudetasjen, med gjødselkjellar (møkkakjeller) under og høylager på låven. Dette lettar arbeidet med både fôring og reinhald. I desse driftsbygningane er det òg rom for anna utstyr, til dømes til mjølking.

I tilknyting til låven var det tidlegare vanleg å bygge ein silo for oppbevaring av surfôr til dyra. No blir det meste av graset lagra i rundballar eller plansiloar.

Veksthus

Eit veksthus, eller drivhus, er bygd for plantedyrking. Dei finst i ulike storleikar og fasongar, og dekkemateriale i tak og vegger kan vere ulikt, men felles for alle veksthus er at vi kan utnytte det naturlege lyset utanfrå. I Noreg dyrkar vi både blomstrar og grønsaker i veksthus. For veksthus eller hus som skal brukast til lagring av planteprodukt, er det krav til lys, temperatur og luftfukt.

Garasjar og reiskapsrom

I landbruk og gartnarnæring bruker vi i dag maskinelt utstyr og avanserte reiskapar og verktøy. Til å oppbevare dette i har vi garasjar, reiskapsrom og rom for tekniske innretningar. Vi bør ha eit eige hus for maskinparken. Her kan vi parkere maskiner og køyretøy, og her er det plass til å utføre vedlikehaldsarbeid. Innomhus er dessutan maskinene verna mot fukt som kan føre til korrosjon.

På ein arbeidsplass er det òg bygningar for dei som jobbar der. Det skal vere tilgang til toalett og garderobe og moglegheit for å ete og å ta pausar. Husa skal vere ein god arbeidsplass for bonden og gartnaren. Det må leggast vekt på utforming og praktiske løysingar som kan gi eit godt arbeidsmiljø. I nokre tilfelle er det sikkerheitsreglar knytte til korleis bygningane skal vere.

Krav til bygningar

Lovverket stiller krav til plassering av bygningar, til byggemateriale, utforming, dyrehelse, brannsikkerheit og miljø for å nemne noko. Det er ulike krav til utforming og tekniske løysingar alt etter kva bygninga skal brukast til. Eit hus skal stå i mange år, så du må planlegge godt før du tek til å bygge. Offentlege etatar og private konsulentar gir råd.

På ein gard finn vi hus til folk, reiskap, avlingar og dyr. Driftsbygningane er spesialiserte for å vareta behova til dyra og til menneske som jobbar der. Ulike dyreslag har særlege krav knytte til moglegheit for rørsle, temperatur, lys, luft og fukt. Reglane for utforming og tekniske løysingar står i forskrift om husdyrhald.

Materiale og vedlikehald

I Noreg har treverk vore eit vanleg byggemateriale. I dag blir det gjerne brukt plater i ulike materiale til kledning på driftsbygningar og andre næringsbygg. Fundamentet er støypt i betong.

Bygningar representerer store verdiar. Det er derfor god økonomi i å halde ved like bygningsmassen. Det er nødvendig med dagleg ettersyn og fortløpande reparasjonar, og det er viktig å ha gode planar for større vedlikehaldsarbeid.

Relatert innhald

Vedlikehald av bygningar

Bygningar må haldast ved like. Det meste av vedlikehaldsarbeidet gjer du sjølv når det passar inn i resten av arbeidsplanen.

Vedlikehald av hesteanlegg

Arbeidet i ein stall består av meir enn berre arbeid med dyra. Både utstyr, bygningar og uteanlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald.

Skrive av Kjell Ryland.
Sist oppdatert 17.02.2025