Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Motorsag – sikkerheit

Motorsaga er ein av dei farlegaste arbeidsreiskapane du bruker. Kvart år er det mange som blir skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Årsaka er manglande bruk av verneutstyr og manglande kunnskap om sikkerheit og rett bruk. Lær deg å bruke motorsaga på ein sikker måte!

HMS

Kvart år er det mange som blir skadde eller mistar livet under arbeid med motorsag. Hovudårsakene til det er manglande bruk av verneutstyr og manglande kunnskap og kompetanse om sikkerheit og rett bruk. Krav til verneutstyr er heimla i forskrift til arbeidsmiljølova, så dersom du ikkje bruker verneutstyr, bryt du faktisk lova.

Hugseliste

Du skal ha

  • hjelm
  • høyrselsvern
  • visir
  • vernebukse
  • vernestøvlar
  • jakke med signalfargar
  • hanskar
  • enkeltmannspakke
  • mobil

Saga skal ha

  • kjedebrems
  • kjedestoppar
  • gassperre
  • stoppknapp

Relatert innhald

Vedlikehald av motorsag

Motorsaga revolusjonerte skogsarbeidet frå rundt 1950 på same måten som hogstmaskinene gjorde det frå rundt 1980.

Skrive av Hallstein Berre.
Sist oppdatert 03.01.2019