Belgvekstar - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Belgvekstar

Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billige både for menneske og dyr. Vi kan laga dei til på mange måtar, og dei kan vera hovudrett eller tilbehøyr. Belgvekstane gjer dessutan jorda meir næringsrik på ein fiffig måte.

– Ein av dei mange gode kvalitetane ved belgvekstane er at dei forbetrar jordsmonnet der dei har vakse. Men det er fleire grunnar til at vi menneske både bør dyrka og eta meir belgvekstar, seier Ingunn M. Vågen, grønsaksforskar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Belgvekstar i Noreg

I Noreg har det vore dyrka erter sidan vikingtida, og kanskje før det. Erter og bønner vart omtalte i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Der vart det streka under at ein ikkje berre kunne gå og forsyna seg i erter- og bønnebedet til andre. Det var det same som å stela å gjera noko sånt.

Blant belgvekstane vert det i dag dyrka mest erter i Noreg, inkludert sukkererter. Deretter følgjer åkerbønner, som nesten berre vert brukt som dyrefôr. I tillegg vert det dyrka andre bønner – for det meste grøne, til dømes aspargesbønner. Andre belgvekstar – som kikerter, linser, soyabønner, limabønner og kidneybønner – vert importerte, ein god del frå land utanfor EU og EØS.

EU har kome fram til at vi må dyrka mykje meir belgvekstar i Europa, blant anna for å sikre oss dersom det vert mangel på belgvekstar i andre delar av verda. Ingunn Vågen er ein av mange europeiske forskarar som er i gang med å finna fram til dei mest næringsrike artane som kan dyrkast på våre breiddegradar.

Elleve typar belgvekstar

  • bønner – mange typar, som kidneybønner og aspargesbønner
  • åkerbønner – også kalla hestebønner og bønnevikker
  • erter – inkluderer sukkererter
  • kikerter
  • augebønner – også kalla kuerter
  • jorderter
  • linser
  • bambarajordnøtter
  • vikker
  • lupinar
  • underordna belgvekstar – til dømes hjelmbønne

Tillaging

Importerte, friske belgvekstar bør forvellast.

Ein del tørka bønner og erter bør leggjast i bløyt før bruk, då er det raskare å laga dei til. Bløytlegging kan også hjelpa mot at vi får luft i magen av ertene og bønnene.

Nokre typar belgvekstar bør leggjast i bløyt og kokast lenge fordi dei kan innehalda naturlege plantestoff som vi helst ikkje skal få i oss.

Kva som er rett bløytleggingstid og koketid, varierer for dei ulike typane av belgvekstar.

Kvifor er belgvekstane sunne?

– Erter, bønner og andre belgvekstar er ei gruppe grønsaker som er på veg til å få sin renessanse, og det er vel fortent. Desse smakfulle lekkerbiskenane er fulle av næringsstoff, seier ernæringsfysiolog Gunn Helene Arsky i BAMA.

Ho fortel at belgvekstane gir oss den rette kombinasjonen av stivelse og kostfiber, og det er med på å sikra eit stabilt blodsukker. Kostfiber er bra for fordøyinga vår og immunapparatet vårt.

– Dei fleste belgvekstane er svært gode proteinkjelder. I tillegg har dei nokså mykje av B-vitaminet folat (folsyre), som blant anna er viktig for hjartehelsa. Mange belgvekstar er dessutan ganske rike på jern, som er uunnverleg når det gjeld å transportera oksygen til alle cellene i kroppen. På denne måten held cellene seg unge. Erter og bønner har også andre næringsrike stoff, seier Arsky.

God kjelde til protein

Belgvekstane er blant dei beste proteinkjeldene i planteverda. Soyabønner kan innehalda opptil 40 prosent protein. Nivået av protein i linser, kikerter, erter og andre frøbønner ligg som regel mellom 15 og 30 prosent i tørka form, og 7–10 prosent i det kokte produktet som vi et, fortel Vågen. Protein er basisnæring for menneske. Vi må ha det for å leva. Kjøt er ei typisk proteinkjelde, saman med meieriprodukt, korn og fisk.

Viktig proteinkjelde i vegansk kosthald

Personar som ikkje et kjøt, bruker som regel mykje bønner og andre belgvekstar i kosthaldet for å få i seg nok protein. Vegetarianarar og veganar skal ha sin del av æra for at tilbodet av belgvekstar i norske butikkar har auka kraftig dei siste åra.

– Det finst ikkje lenger berre hermetiske grøne erter, frosne erter og kvite bønner i tomatsaus. No får du eit breitt utval av bønner, linser, kikerter og erter i alle variantar – friske, tørre, hermetiske, med saus, frosne – ja, du får til og med kikertmjøl, seier Gunn Helene Arsky, ernæringsfysiolog i BAMA.

BAMA og Findus formidlar det aller meste av dei norskavla belgvekstane som går til menneskemat. Dei importerer også. Det er berre nokre stader på Austlandet, på Sørlandet og i Trøndelag at det er klimaforhold til å dyrka erter og bønner. Produksjonen her til lands er minimal samanlikna med land som India, Pakistan, Canada, USA, Brasil og Frankrike. Også i Sverige og Danmark er det langt større belgvekstproduksjon enn i Noreg.

Bruk av soya – og miljøutfordringar

Rundt 80 prosent av soyaen vi importerer, kjem frå Brasil. Det meste vert brukt som dyrefôr. Soya har lenge vore den viktigaste proteinkjelda i landbruket, og dei ti siste åra har soya også vorte den viktigaste proteinråvara i oppdrettsnæringa. Det kjem fram i ei kartlegging som Framtiden i våre hender publiserte 2014.

Kartlegginga viser at det i 2013 vart importert 900 000 tonn soya til Noreg. Av dette vart 565 000 tonn brukt til fôr, det meste til oppdrettsfisk. Ein stor del av soyaen går altså med til å produsera fisk, kjøt og meieriprodukt. Ifølgje Framtiden i våre hender fører soyaproduksjonen i Brasil til avskoging og andre miljøproblem. Den norske soyaimporten til landbruket og oppdrettsnæringa legg beslag på rundt to millionar dekar med jord i Brasil. Talet svarer til det samla arealet til dei sju største byane i Noreg. Til samanlikning er kornarealet i Noreg på rundt 2,9 millionar dekar.

I EU-finansierte Eurolegume, eit belgvekstprosjekt Noreg er med i, er eitt av måla at Europa skal verta mindre avhengig av soyaimport.

– Eurolegume handlar mykje om å finna alternativ til soya. Det vert forska på planteartar som vi har lang tradisjon og historie for å dyrka i Europa, og det finst eit breitt genmateriale som er tilpassa veksetilhøva i ulike område i verdsdelen vår, seier Ingunn M. Vågen i NIBIO.

Hugselappen

  • Belgvekstar er sunne og gir oss viktige næringsstoff.
  • Belgvekstar er ei viktig proteinkjelde for veganar.
  • Belgvekstar vert også brukte til dyrefôr.
  • Bakterieknollar på røtene til belgvekstar omdannar nitrogen i lufta til næring for plantene.
  • Der det veks belgvekstar, vert jorda næringsrik.

Relatert innhald

Fagstoff
Nitrogenfiksering

Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billege. Belgvekstane gjer dessutan jorda rik på ein fiffig måte.

Skrive av Bjørn Hugo Pettersen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 18.10.2018