Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Kva blir tømmer brukt til?

Tømmer har mange bruksområde. Dei fleste av oss tenker kanskje at tømmer går som trelast til byggematerialar og møbelindustri, eller endar opp som papir. Men visste du at tre òg blir brukte i tekstilar og i ein del kosmetiske produkt? Les meir om bruksområda til trevirket!

I Noreg dominerer gran og furu på tømmermarknaden, mens virke frå lauvtre berre utgjer ein smålåten del. Tømmer blir sortert etter kvalitet og tek ulike retningar mot vidare tilverking. Det meste av tømmeret i Noreg går til sagbruka som sagtømmer eller til treforedlingsindustrien som massevirke.

Ein liten del tømmer går som spesialtømmer til heilt spesielle formål – til dømes stolpar.

Tømmer med lågast kvalitet går til energivirke, og det kan du lese meir om under bioenergi.

Kvalitetskrav

Spesialtømmer og sagtømmer er best betalt, og her er det strenge krav til kvaliteten på virket:

  • lite eller ingen kvist
  • ikkje ròte på grunn av soppangrep
  • ikkje krok
  • ikkje mekaniske eller andre skadar
  • vanleg krav til diameter er 12–55 cm
  • vanleg krav til lenge er 37–58 dm

Dimensjonskrava til massevirke:

  • lengde 30–52 dm
  • diameter 4–70 cm

Kunnskap om marknadskrav

Prisar, dimensjonar og kvalitetskrav varierer frå år til år. Den som skal hogge skog, må følge med på dei marknadskrava som gjeld, for å utnytte verdiane i skogen.

Aptering vil seie å kappe tømmeret i dei rette lengdene. Dette kan gjerast i skogen eller på lunneplassen. I moderne hogstmaskinar kan vi programmere kvalitetskrav og prisar slik at maskina kuttar virket i dei lengdene vi ønsker. Skal du hogge i skogen sjølv, er måleband og diameterklave heilt nødvendige. Det kan fort bli ulønsamt å drive aptering på augemål.

Sagbruk

Sagtømmeret går til sagbruka og blir delt opp i trelast av ulike dimensjonar. Hovuddelen av trelasta går til bygnings- og møbelindustrien. Sagtømmeret blir delt inn i kvalitetssortiment basert på dimensjon:

  • spesial, best kvalitet og best pris
  • prima
  • sekunda

Det er vanlegvis den nedste delen av treet mot rota som eignar seg som sagtømmer. Den smalare delen mot toppen av treet går ofte til massevirke. Spon frå sagbruka kan vidare gå inn i produksjonen av sponplater.

Gardssagbruk og mobile sagbruk

Tidlegare var gardssagbruk eller bygdesager rundt omkring på bygdene vanleg. I dag står ein del av dei til forfall, mens nokre er restaurerte for å ta vare på historia.

Det finst òg nokre få gardssager eller bygdesager som framleis er i drift. Her blir det saga virke til eige bruk eller som ei tenesteyting for andre. Det finst òg mobile sagbruk som drar rundt og tilbyr tenestene sine på bestilling. På gardssagbruk og mobile sagbruk kan ein enkelt "skreddarsy" produkt etter ønska frå kunden når det gjeld dimensjonar.

Hugselappen

  • Sagtømmer blir òg kalla skurtømmer og går til sagbruka.

  • Massevirke blir òg kalla slip og går til treforedlingsindustrien.

  • Spesialtømmer er virke som er skreddarsydd for spesielle formål.

  • Energivirke går til bioenergi saman med kvistavfall.

  • Spesialtømmer, sagtømmer, massevirke og energivirke blir kalla for virkessortiment.

  • Aptering vil seie å kappe tømmeret i dei rette lengdene.

Skrive av Vigdis Jonsen.
Sist oppdatert 23.11.2017