Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Hesterasar og stambokføring

Det finst mange forskjellige hesterasar i Noreg, både importerte rasar og rasar som er avla fram her i landet. Det er dei ulike raseorganisasjonane som tek hand om avlsplanane for hesterasane. Avlsplanane fortel kva som er avlsmåla for dei ulike rasane.

Hesterasar i Noreg

Stambøker

Reinrasa hestar blir førte i stambøker. I stambøkene finn du informasjon om stamtavler, resultat frå utstillingar og eventuelle resultat frå hestesport.

Nokre organisasjonar fører stambøkene sjølve. Det Norske Travselskap til dømes fører stambok for desse rasane:

  • varmblodstravar

  • kaldblodstravar

Norsk Hestesenter er stambokfører for dei nasjonale hesterasane

  • dølahest

  • fjordhest

  • nordlandshest/lyngshest

  • norsk kaldblodstravar

Både dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest er definerte som utryddingstrua. Det er låge bedekningstal, og det blir fødd få føl årleg.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 24.04.2026