Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Frå bedekning til føling

Å sjå eit føl komme til verda er for mange det vakraste eventyret i vår. Men før eit føl blir fødd, er det mange val å tenke gjennom.

Planlegging og førebuingar

Å ale opp eit føl til unghest og etter kvart vaksen hest tek tid, og du må tenke fleire år framover dersom du ønsker å behalde avkommet sjølv.

  • Du bør planlegge bedekning hausten før hoppa skal bedekkast.

  • Rett fôring er viktig; undervektige eller svært feite hopper kan få problem med å bli drektige.

  • Du må òg tenke på om du har økonomiske ressursar og fysiske lokalitetar til å ha avlshopper og kommande føl.

Er hoppa eigna for avl?

Du må setje deg inn i avlsplanen for hesterasen og ha kunnskap om kva avl og oppdrett av hest er. Har hoppa eigenskapar som gjer at ho bør avlast på? Ei hoppe bør ha godt eksteriør, godt lynne, vise normal brunst og vere rasetypisk. Du må òg vurdere kva hingst som kan passe for hoppa, og hingsten bør òg ha gode eigenskapar. Ikkje minst bør hoppa og hingsten utfylle kvarandre, både eksteriørmessig og bruksmessig. Du bør unngå å forsterke negative eigenskapar når du vurderer hoppe og hingst.

For hesterasar som består av små populasjonar, det vil seie få hestar å avle på, er det òg viktig å vurdere innavlsgraden for ønskt kombinasjon av foreldredyr.

Hingsthaldaren

Dersom du er hingsthaldar og skal stille hingsten din til disposisjon for avl, må du følge dei retningslinjene avlsorganisasjonen har vedteke for avl. Frå og med 1. januar 2015 er det ikkje lenger eit offentleg krav om kåring av hingstar som skal brukast i avl, men det er avlsorganisasjonane som bestemmer kriteria for bruk av hingst.

Er du hingsthaldar eller eigar av avlshingst som skal brukast i avl, må du sørge for at hingsten er frisk, har god kondisjon og kan handterast i dei ulike situasjonane som kan oppstå under bedekning eller tapping av sæd. Ved naturleg bedekning i form av slepp må du òg vurdere om du har tilstrekkeleg med beite og eventuelt tilleggsfôr til ein flokk hestar. Du må òg ha tilsyn med flokken og følge med brunsten til hoppene og at flokken fungerer saman, slik at hingsten får bedekt alle hoppene.

Inseminering eller naturleg bedekning?

Bedekningsmetodar er naturleg bedekning eller kunstig inseminering.

Val av metode er til ein viss grad raseavhengig. Dei ulike raseorganisasjonane har retningslinjer, råd og ein avlsplan som oppdrettarar bør gjere seg kjend med.

Kunstig inseminering kan skje med fersk eller frosen sæd. Insemineringa skjer ved ein avlsstasjon der det er ein veterinær som utfører prosedyren. Eit vellykka resultat kjem an på sædkvaliteten, og det er noko høgare drektigheitsprosent ved bruk av fersk sæd.

Brunst og brunstsyklus

Brunstsyklusen til hoppa bestemmer når ho er klar for bedekning eller inseminering. Brunsten blir regulert av lyset og kjem som ei følge av at dagane blir lengre og lysare. I Noreg er vanlegvis denne perioden frå mars til tidleg haust, og i dette tidsrommet viser hoppa jamleg brunst.

Brunstsyklusen hos hopper varer i snitt 21–22 dagar, og syklusen blir delt inn i to periodar: sjølve brunsten og ein mellomperiode. Brunsten varer vanlegvis i fire til åtte dagar, og det er i denne perioden hoppa står for hingsten og let seg bedekke.

Brunst blir òg kalla østrus, som er dei dagane hoppa står for hingsten. Diøstrus er perioden når hingsten blir avvist. Om vinteren viser vanlegvis ikkje hoppene brunst, og denne perioden blir kalla anøstrus.

Eggløysinga skjer i slutten av brunsten, vanlegvis dei siste 1–2 døgna av brunsten.

Teikn på brunst

  • Hoppa står for hingsten, ho let han komme nær ho og lukte på ho.

  • Hoppa "blinkar" – det vil seie at kjønnsleppene blir vrengde, og klitoris blir vist.

  • Hoppa kan urinere i små mengder, ho "skvettar" urin.

  • Urinen til hoppa kan lukte annleis enn han pleier.

  • Hoppa kan bli "klengete" på andre hestar.

Drektigheit og drektigheitskontroll

Dersom hoppa ikkje har teke seg, vil ho komme i ny brunst etter 16–17 dagar.

Av og til kan drektige hopper vise brunstsymptom, og av og til kan tomme hopper ikkje vise ny brunst.

Skal vi vite sikkert om hoppa er drektig eller ikkje på eit tidleg tidspunkt, må hoppa til drektigheitskontroll. Han kan bli utført med ultralydundersøking, blodprøve eller urinprøve.

Den drektige hoppa

Drektigheitstida er i snitt 11 månader og 11 dagar, men det er variasjonar, nokre hopper går i 10 månader og nokre i 12. Hoppa bør ikkje vere for tynn eller for feit, og ho bør haldast i form. Dei fleste hopper kan arbeide fram til fem–seks månader, og enkelte hopper endå lenger. Det viktigaste er å tilpasse mosjon og trening for hoppa og å unngå stress og for store anstrengingar

Det er viktig å utarbeide ein fôrplan for hoppa, kontrollere at fôrplanen er i balanse og særleg at hoppa får dekt proteinbehovet.

Dei siste tre månadene av drektigheitstida aukar vekta til fosteret til det tredobbelte.

Viss hoppa står på stall der det er mykje transport av hestar inn og ut, til og frå andre stallar, bør ein hugse på tiltak mot smittsame sjukdommar – som til dømes EHV1, som kan medføre at drektige hopper aborterer.

Kvar skal hoppa føle?

Hoppa kan føle både innandørs og utandørs. Viss hoppa skal føle inne, må boksen vere stor nok: minst 4 x 4 m, og han må vere reingjord. Underlaget må vere reint og ha tørr halm eller flis.

Dei fleste hestar følar på våren og sommaren i Noreg, og hoppa kan òg føle ute. Der er det òg viktig at det er nok plass, og at underlaget er reint, ikkje gjørmete – og ikkje fullt av hestemøkk. Gjerdet rundt beite og innhegning må vere slik at hoppa ikkje kan setje seg fast eller skade seg viss ho legg seg ned tett ved gjerdet.

Viss hoppa går i flokk, kan det vere greitt å la hoppene gå i ein eigen flokk, og det er viktig at flokken er stabil og har gått saman tida før føling. Nokre hestar kan bli aggressive mot føl. Alternativt kan beitet/innhegninga blir delt av slik at dei ser kvarandre, men ikkje kan gå saman.

Føling

Følg med hoppa når det nærmar seg føling. Nokon set opp kamera for å kunne følge med. Det viktige er å overvake hoppa utan å forstyrre ho.

Dette kan vere teikn på nærståande føling:

  • Juret tek til å vekse tre til seks veker før føling, og like før føling kan det bli danna "voksproppar" på spenane.

  • Jursekretet forandrar farge. Når det er kort tid igjen til føling, er det mjølkefarga.

  • Vevet rundt vulva svulmar opp, og kjønnsopninga blir forlengd. På nokre hopper kan du sjå ei grop i vevet på kvar side av halebeinet.

  • Hoppa kan bli uroleg, sveitte, og nokre hopper sluttar å ete like før føling.

Under oppblokkingsfasen kan hoppa trakke mykje rundt, legge og reise seg fleire gonger – inntil ho har komme til utpressingsfasen.

Frå du skimtar fosterhinnene til følet er heilt ute, går det vanlegvis ikkje meir enn 15 minutt. Hoppa har eit par kraftige press, og så er følet ute.

Frå hoppa har lagt seg ned og til følet er ute, går det vanlegvis 15–20 minutt. Kontakt veterinær dersom følinga trekker ut i tid.

Rett etter føling

Navlestrengen ryk når hoppa begynner å reise seg etter føling. Det blir pumpa mykje blod gjennom navlestrengen straks etter føling, og det er viktig at det får skje – forstyrr derfor ikkje hoppa for tidleg.

Det neste du må følge med på, er at følet får die så snart som mogleg etter at det har reist seg, og får i seg råmjølka som inneheld antistoff.

Følg med på at hoppa får ut etterburden, og kontroller at alt har komme ut. Etterburden kjem ut ein halv til tre timar etter fødselen. Etterburd som ikkje kjem ut, kan mellom anna føre til forfangenheit og infeksjon hos hoppa.

Følg med på at følet urinerer og gjer frå seg det neste døgnet. Den første avføringa til følet blir kalla tarmbek, og ho bør ha passert to–ti timar etter føling. Tarmbeket er svart eller brunsvart. Når tarmbeket har passert, vil avføringa få ein lys farge.

Når bør du tilkalle veterinær?

  • når følinga trekker ut i tid

  • når hoppa ikkje kvitter seg med etterburden

  • viss følet ikkje diar

  • viss følet ikkje får ut tarmbeket eller ikkje urinerer

  • viss du mistenker at noko er galent

Viss du lurer på noko, er det alltid greitt å konsultere veterinær raskt.

Avvenning av følet

Følet bør avvennast på ein slik måte at det blir lite traumatisk og lite stressande for både mor og føl. Tradisjonelt blir føl ofte avvende når dei er fem–seks månader gamle, men avvenning blir praktisert på mange ulike måtar og tidspunkt.

Viss hoppa er drektig på nytt, vil ho ofte avvenne følet sjølv når det er sju–ni månader. Viss mora ikkje avviser dei, kan åringar die mora fram til dei kjem i puberteten ni–tolv månader gamle.

Film frå bedekning til føling

I filmen under (lengde 4:23) følger vi ei hoppe frå naturleg bedekning til følet blir fødd. Filmen er utan tale.

Oppgåver

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 02.11.2017