Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Sikring og varsling

Som førstehjelpar ved ulykker er det viktig at du tenker på eigen sikkerheit før du set i gang førstehjelp. Det er òg viktig å varsle riktig for å sikre rask hjelp.

Film: Sikring og varsling

I denne filmen (lengde 1:19) ser du kva du må gjere viss du kjem først til ein skadestad.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Sikring

I nokre tilfelle må du gjennomføre sikringstiltak før du går inn i situasjonen, til dømes ved

  • trafikkulykker
  • ulykker med farleg gods
  • ulykker med fare for brann

Varseltrekanten skal plasserast 150 meter unna skadestaden.

Varsle 113

Kontakt medisinsk nødtelefon 113 dersom du mistenker ein alvorleg situasjon der det er fare for liv og helse. Tidleg varsling sikrar at hjelpa kjem raskare fram, og du får rettleiing i å gi nødvendig førstehjelp.

Oppgi tydeleg og nøyaktig:

  • Kven ringer?
  • Kva har skjedd?
  • Kor mange er skadde?
  • Er pasienten vaken?
  • Kvar er skadestaden?

Relatert innhald

Skrive av Ingvild Skjetne, Agnes Brønstad og Guri Bente Hårberg.
Sist oppdatert 28.09.2026