Oppgave
Planlegg eit Inn på tunet-tilbud på garden din
I denne oppgåva skal de finne ut kva som må til for å opprette eit Inn på tunet-tilbod på ein gard.
Bakgrunn
Du og familien din får overta eller kjøpe ein gard med 30 mjølkekyr på bås. Det er berre arbeid til den eine av dykk i mjølkeproduksjonen, men de ønsker at de begge vaksne kan få jobbe der.
De vil ha meir liv på garden, ikkje berre dyr, men òg andre menneske. Begge føler at de har noko å tilføre andre, særleg dei som strevar på skulen, i arbeidslivet eller med ulike helseproblem, unge som gamle. Å starte med eit Inn på tunet-tilbod vil kunne gi dykk begge ein arbeidsplass på garden.
Oppgåver
Jobb i par eller grupper.
- Kva gruppe menneske (brukarar) vil de ta imot på garden?
- Kva treng de å tilføre garden eller endre på for å kunne gjennomføre dette? Tenk både på dyr, bygningar, maskiner og ting i det naturlege miljøet rundt garden.
- Korleis ser garden ut etter at de har starta med dei nye aktivitetane? Må de bygge på hus, bygge nytt eller forandre på korleis de bruker utearealet, for å kunne utvikle eit Inn på tunet-tilbod?
- Korleis vil de marknadsføre tilbodet dykkar?
- Kven skal betale for tilbodet de gir? (Kven er moglege kjøparar av tilbodet?) Sjekk ut kva ordningar som finst til støtte og liknande for brukarane dykkar.