Opphald på gardsbruk kan gi betre helse

Kva kan ein gard tilby?
Vi treng mat for å leve, og på dei fleste gardar er produkta mjølk, kjøtt eller grønsaker viktigast. Men for somme er det å la menneske ta del i sjølve prosessen eller produksjonen, og dermed gjere noko meiningsfullt, minst like viktig. Ein som er psykisk sjuk eller avhengig av rusmiddel, kan få hjelp til å bli frisk gjennom å ta del i dei daglege arbeidsoppgåvene på eit gardsbruk. Dette kan vere å delta til dømes i fôring og stell av dyra, gjere vedlikehaldsarbeid, jobbe med planteproduksjon, hogge ved, dra på fisketurar eller gå i utmarka for å hente inn husdyra.

Når eit gardsbruk legg til rette for slikt arbeid, blir garden ein tilbydar av helsefremmande tenester.
Dagen blir lagt opp ut etter dagsforma til den enkelte brukaren. Oppgåvene blir tilpassa slik at brukaren skal oppleva at han eller ho lykkast med noko. Ei utfordring for mange av brukarane er at dei ikkje har nokon struktur på verken dagsrytme eller måltid.

Måltida på ein Inn på tunet-gard er kjempeviktige. Dei gir struktur til dagen og medverkar til ro og fellesskap. Brukarane lagar ofte maten dei skal ete, saman med gardbrukaren, dei dekker bordet og lagar ei hyggeleg ramme rundt måltidet, og dei får god tid til både å ete og snakke saman.
Kva seier forskinga?
Mange som slit med rusmiddel eller store psykiske plager, kan ha glede av å vere på ein Inn på tunet-gard.
I tre år har Høgskolen i Hedmark forska på korleis opphald på gardar som driv med Inn på tunet og Grøn omsorg, verkar på ungdom som slit med rus og psykiske lidingar. Konklusjonen er at samspelet med dyr hjelper dei til å våga å stola på andre menneske igjen.
Fysisk arbeid gjer at ein blir meir fysisk sliten, men mindre psykisk sliten. Forskinga viser òg at næringsrik mat og sosial kontakt er viktig.
Deltakarar på Inn på tunet-tiltak seier at dei opplever at aktivitetane på garden er meiningsfulle, fordi det er arbeid som faktisk må gjerast. Dei opplever anerkjenning for det dei gjer, og dei opplever verdigheit. Naturen, dyra og menneska på garden medverkar til dette.

Erfaringar med Inn på tunet innanfor rus og psykiatri
betre trivsel for brukarane
betre fysisk form
betre nattesøvn
færre innleggingar på nytt på sjukehus
mindre medisinbruk
nokon kjem seg i utdanning
nokon kjem over i ordinært arbeid
Dette fører til auka livskvalitet for den enkelte brukaren og sparer store kostnader for samfunnet.
Hugselappen
Helsefremmande faktorar
- deltaking
- meistring
- meiningsfylte arbeidsoppgåver
- kontakt med dyr
- fysisk aktivitet
- sunn mat
- samhandling med andre
- struktur på kvardagen
- fellesskap
- anerkjenning