Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Økologi og krinsløp

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Næringskjeder, næringsnett og stoffkrinsløp

Energi og stoff beveger seg gjennom økosystemet på ulike måtar. Stoff blir gjenbrukte i krinsløp, men energi må stadig fyllast på i form av sollys.

Næringskjede

Ei næringskjede er ein enkel modell som viser kva organismane i eit økosystem et.

Dei organiske stoffa blir overførte frå ein organisme til neste organisme. Ei slik rekke av organismar blir kalla ei næringskjede. Alle næringskjeder startar med ein plante som kan drive fotosyntese, ein produsent.

Diskuter

Kvifor er første ledd i ei næringskjede alltid ein produsent?

Trofiske nivå

Vi kallar kvart ledd i næringskjeda eit trofisk nivå. Eit trofisk nivå er plasseringa ein organisme har i ei næringskjede.

Diskuter

  • Skisser næringskjeder de kjenner til.
  • Kor mange trofiske nivå har desse næringskjedene?
  • Kor mange trofiske nivå kan ei næringskjede ha?

Næringsnett

Som regel vil ein art vere deltakar i fleire næringskjeder som kan krysse kvarandre, derfor samlar vi gjerne fleire næringskjeder i eit næringsnett.

Figuren viser eit forenkla næringsnett i Barentshavet. Liknande næringsnett kan setjast opp for ulike økosystem. Mange ulike artar vil inngå i eit næringsnett. Ein art kan ha roller på fleire trofiske nivå i næringsnettet.

Film om næringskjeder og næringsnett (2:56)

I denne filmen får du eit innblikk i kva næringskjeder er, og korleis fleire næringskjeder kan koplast saman til næringsnett.

Video: FuseSchool / CC BY-NC-SA 4.0

Energistraum gjennom eit økosystem

Plantane utnyttar solenergien til å danne energirike organiske sambindingar. Dyr får energi gjennom maten dei et. Det meste av denne energien blir frigjord ved forbrenning i cellene, men noko av han blir igjen i den biologiske massen som blir eten av neste ledd i næringskjeda.

I organismen blir den frigjorde energien frå forbrenninga brukt til å bygge om dei organiske sambindingane og til å drive prosessar som aktiv transport, utskiljing, blodsirkulasjon, nerveleidning, vekst, rørsle, forplantning og produksjon av kroppsvarme.

Det meste av energien som ein organisme får gjennom maten, blir altså omdanna til energiformer som ikkje blir førte vidare i næringskjeda. Berre ein mindre del blir lagra som kjemisk energi i organismen. Stadig energitilførsel i form av sollys er derfor nødvendig for å halde i gang produksjonen og det økologiske krinsløpet.

Som figuren viser, går omtrent 90 % av energien "tapt" for kvart ledd i næringskjeda. Denne energien blir ikkje borte, men finst i former som ikkje kan utnyttast av neste ledd i næringskjeda.

Stoffkrinsløp

Næringsstoff som karbon, nitrogen og fosfor blir tekne opp i plantane i form av uorganiske sambindingar. Der blir dei bygde inn i ulike organiske sambindingar i fleire organismar etter kvarandre. På den måten blir stoffa frakta gjennom næringskjedene, og dei blir gradvis frigjorde og brotne ned til ei uorganisk form. Dei uorganiske sambindingane kan då på nytt bli brukte av plantane i produksjonen deira av organiske stoff. Slik blir grunnstoff resirkulerte i eit evig kretsløp i naturen.

Oppgåver

Omgrep

Øv på omgrep ved å løyse kryssordet.

Vel rett alternativ

Skrive av Svein Gunnar Råen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist oppdatert 29.10.2025