Gardsbruk for opplevingar, læring og betre helse - Naturbasert næringsaktivitet (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Gardsbruk for opplevingar, læring og betre helse

Når vi nyttar ein gard som ressurs for læring, arbeidstrening eller omsorgstenester, driv vi med grøn omsorg. Alle gardar kan selje slike velferdstenester, men for å sikre god kvalitet på tenestene har landbruksorganisasjonane og styringsorgana utvikla eit program som blir kalla Inn på tunet, IPT.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Når du jobbar med dette temaet, får du svar på desse spørsmåla:

  • Kva kan vi lære på ein gard som vi ikkje lærer så lett på ein vanleg skule?
  • Kven kan ha nytte av å flytte skuledagen til eit gardsbruk?
  • Korleis kan kontakt med dyr hjelpe nokon som har eit rusproblem eller psykisk sjukdom?
  • Korleis kan opphald på ein gard gi eldre menneske betre livskvalitet?

Grøn omsorg og Inn på tunet

Gjennom IPT kan gardar som vil levere velferdstenester, tilbydarar, søke om å bli godkjende som Inn på tunet-gardar. Då får dei hjelp til å utvikle velferdstilbod med god kvalitet.

Dei som får lov til å kalle seg Inn på tunet-gard, kan altså tilby godt tilrettelagde og kvalitetssikra aktivitetar. Aktivitetane skal vere knytte opp til garden, livet og arbeidet der. Tilbodet er lagt til rette etter målgruppa og brukarane. Døme på brukarar kan vere elevar som ikkje trivst med eller meistrar vanleg skule i eit klasserom, menneske som har rusproblem, menneske som har vore lenge sjuke og som treng ein dytt for å kome ut i arbeidslivet att, eller innvandrarar som skal lære norsk og bli kjende med norsk arbeidsliv.

Aktivitetane er sjølvsagt forskjellige og tilpassa kvar enkelt. Men éin ting er felles: Alle IPT-tenester skal gi meistring, utvikling og trivsel for deltakarane.

Hugselappen

  • Grøn omsorg er velferdstenester utvikla og leverte av norske gardsbruk.
  • Inn på tunet-gardar er kvalitetssikra og godkjende av norske styresmakter.
  • Tilbydarar: Gardsbruk som tilbyr Inn på tunet-tenester.
  • Brukarar: Dei som deltek i Inn på tunet-tilbod, familiane deira og andre pårørande.
  • Kjøparar: Dei som bestiller tenesta, til dømes ein skule eller ein kommune, Nav eller barnevernet.
  • Godkjennar: Organisasjonen som godkjenner inn på tunet-gardane, heiter Matmerk.

Relatert innhald

Skrive av Anita Andersen og Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2017