Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Utstyr og ferdigheiter for sikker og trygg jobb ute

Oppgåve

Gå på isskulen!

Sjølv om det har vore kaldt vêr lenge og isen er tjukk og sterk dei fleste stader i ein innsjø, er det stader på det same vatnet der isen er tynn. Vi må lære oss å vurdere dette sjølve!

Varsom.no er ein nettstad som hjelper oss med å vurdere risikoen. Under isskulen (varsom.no) finn du informasjon om trygg ferdsel på is. Bruk sida og lenkjene og finn svar på desse spørsmåla:


  1. Kor tjukk stålis bør det vere for at det skal vere trygt å gå på eit islagt vatn?
  2. Kva slags sikkerheitsutstyr bør vi ha med når vi går på eit islagt vatn?
  3. Kvifor kan det vere 50 cm tjukk is i éin ende av eit vatn og 5 cm tjukk is ein annan stad på det same vatnet?
  4. Kvifor knekk isen i bratte skråningar ned mot regulerte vatn?
  5. Kvifor blir isen på eit regulert vatn spesielt tynn i sund, ved tunnelinntak og langs land?
  6. Du bur i Trondheim og har lyst til å gå på skøyter. Kvar leitar du for å finne ut kvar det kan vere sterk nok is?

I eit regulert vatn

  • er utløpet stengt av ei demning
  • blir vatnet samla opp slik at vasstanden stig
  • kan kraftselskapet sleppe ut vatn for å lage elektrisk straum
  • vil isen lett knekke langs land når vasstanden søkk
  • blir det sterkare vasstrøymingar enn i andre vatn. Dette kan gjere at isen smeltar frå undersida.

Fekk du lyst til å ta med deg klassen eller vener og gå skøytetur på isdekte skogsvatn? Då har turskøytegruppa til Skiforeningen nokre gode råd til deg. Her kan du lese meir: Isvett og sikkerhet (skiforeningen.no).

Skrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist oppdatert 02.12.2021