Forvaltninga av norsk natur og norske artar - Naturbasert næringsaktivitet (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forvaltninga av norsk natur og norske artar

Når jegerar og naturbrukarar jaktar og haustar av naturen i Noreg, må dei ta omsyn til ulike forvaltningsreglar. Det finst mange dyreartar som er jaktbare. Andre artar er det i utgangspunktet ikkje tillate å jakte på, til dømes rovvilt.

Forvaltningsreglar

Forvaltninga av dyre- og planteartane i Noreg blir regulert av ei rekke lover og forskrifter.

Dei viktigaste føresegnene er

Det finst mange dyreartar som er jaktbare. Som jaktbare artar reknar ein alle artar med jakttid. Desse finn du i forskrift om jakt- og fangsttider. Artane som ikkje er nemnde i denne forskrifta, er det ikkje tillate å jakte på.

Forvaltningsorgan

Miljødirektoratet har saman med Klima- og miljødepartementet det overordna ansvaret for å ta hand om og forme ut regelverket for forvaltninga av fisk og viltressursar og utøvinga av jakt, fiske og fangst her i landet. Det er dei som har skrive lovene og forskriftene som jegerar og naturbrukarar må ta omsyn til når dei jaktar og haustar av naturen.

Kommunane kan regulere jakttida på mange artar viss dei meiner det er rett for å forvalte den aktuelle arten på best mogleg måte. Til dømes kan det nokre gonger vere nødvendig å korte ned jakttida for ein art i ein kommune, eller endåtil stoppe jakta, dersom arten er sårbar eller utsett på nokon måte. Kommunen kan i nokre tilfelle også forlenge jakta på ein art.

Rovdyr

Vi har mange jaktbare artar, men vi har også nokre artar som det i utgangspunktet ikkje er tillate å jakte på. Dette gjeld til dømes rovviltet i Noreg, og forbodet omfattar brunbjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn. Stortinget har bestemt at vi skal ha bestandar av desse artane i Noreg. Det er fastsett nasjonale mål for talet på årlege ynglingar, altså for kor mange ungekull kvar art kan ha kvart år. Desse bestandsmåla er 65 ungekull av gaupe, 39 ungekull av jerv, 13 ungekull av brunbjørn, tre ungekull av ulv og 850–1200 hekkande par av kongeørn.

Miljødirektoratet har ansvar for rovviltforvaltninga på nasjonalt nivå. Direktoratet skal mellom anna behandle saker etter naturmangfaldlova og viltlova, overvake forvaltninga og hente inn kunnskap om rovvilt gjennom forskingsprosjekt det finansierer. Rammene for forvaltninga av rovvilt i Noreg blir sette gjennom stortingsmeldingar. Noreg har også forpliktingar gjennom internasjonale miljøavtalar og konvensjonar. Bernkonvensjonen er den mest sentrale for norsk rovviltforvaltning.

Rovviltforvaltninga er delt inn i regionar, og kvar region har utnemnt ei nemnd som står for forvaltninga i regionen sin. Statsforvaltaren i kvart fylke har ein rådgivande funksjon overfor rovviltnemndene, i tillegg til at statsforvaltaren har eit eige forvaltningsansvar for rovviltet.

Lisensfelling, kvotejakt og skadefelling

I utgangspunktet er brunbjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn freda, men i nokre tilfelle vil det vere aktuelt å ta ut individ av nokre av rovdyrartane, til dømes viss det er fleire individ i ein bestand enn regjeringa har bestemt. Dei kan bli tekne ut gjennom til dømes lisensfelling. Lisensfelling er ei skademotivert felling, det vil seie ei felling for å redusere skadar, der eit bestemt tal individ av ein viltart kan fellast med heimel i naturmangfaldlova. Du må vere registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å delta i lisensfellinga. Det er lisensfelling på bjørn, ulv, gaupe og jerv.

Ein annan metode er kvotejakt. Kvotejakt er ei ordinær jakt på eit bestemt tal individ av ein viltart med heimel i naturmangfaldlova, og det er offentlege styresmakter som fastset kvoten. Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på.

Ein tredje metode er skadefelling. Skadefelling er skademotivert felling av enkeltindivid av gaupe, jerv, bjørn eller ulv for å stanse eller forhindre skadar på bufe eller tamrein med heimel i naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav b. Det er Statens naturoppsyn som har ansvaret for dette.

Statens naturoppsyn (SNO)

I tillegg til arbeidsoppgåvene knytte til rovvilt, skal SNO gi informasjon og rettleiing til alle som bruker naturen, og passe på at føresegnene i miljølovene blir overhaldne. Typiske arbeidsoppgåver for SNO er vilt- og fiskeoppsyn og kontroll med kulturminne, forureining og motorferdsel i utmark.

Etiske dilemma

I Noreg har vi lange tradisjonar for å bruke utmark som beite for husdyr, til dømes tamrein, sau, geit og storfe (ofte kviger eller kyr med kalv). Rovviltet i Noreg og husdyra bruker nokre stader den same utmarka, og dermed er det kvart år tilfelle der rovvilt har angripe og kanskje ete husdyr. Dette er ei stor utfordring for bøndene som eig husdyra, og for forvaltningsorgana som skal forvalte den norske rovviltbestanden.

I slike tilfelle står ein ofte overfor vanskelege etiske dilemma. På den eine sida er det belastande kjenslemessig og økonomisk for bonden som mistar husdyra sine til rovdyr, og på den andre sida gjer ikkje rovdyra noko anna enn det som er naturleg for dei – å ta byttedyr, anten det er husdyr eller ville dyr, som føde. Ein ønsker ikkje at bonden skal ha økonomiske tap, eller at husdyra skal lide, men den norske regjeringa har bestemt, gjennom norsk lovverk og internasjonale avtalar, at vi skal ha rovvilt i norsk natur.

Eit anna etisk dilemma vi står overfor i dette tilfellet, er kva rett vi menneske har til å hindre rovdyra i å ha sin plass i norsk natur ved å bestemme at rovdyra skal leve innanfor område vi menneske har definert. Og kva rett har vi menneske til å hindre dei i den naturlege åtferda deira – å ta tilgjengelege byttedyr?

Norske styresmakter står overfor store utfordringar og har mange etiske dilemma å ta omsyn til når dei skal forvalte rovviltet i Noreg. Styresmaktene har bestemt at det ikkje skal vere for mykje rovvilt i dette landet, for utfordringane med rovvilt kan vere store sidan naturen og utmarka er viktige også for menneske og husdyr. Styresmaktene har løyst dette ved å fastsetje nasjonale mål for talet på årlege ynglingar, altså for kor mange ungekull kvar art kan ha kvart år. Ei anna løysing er å avgrense områda i utmarka der rovviltet kan yngle. Viss dei ynglar utanfor dette området, blir rovviltet avliva. Dette gjeld til dømes ulv. Men vi kan ikkje forhindre at rovviltet beveger seg utanfor det avgrensa området som styresmaktene har fastsett.

Rovdata

Noreg har eit nasjonalt overvakingsprogram for å ha oversikt over rovviltbestandane. Programmet blir gjennomført av Rovdata. Slik kan styresmaktene følgje med på kvar i landet rovviltet er, og kor mange dyr det er, og det gjer det lettare å forvalte rovviltet i samsvar med norsk lov og internasjonale avtalar.

Relatert innhald

Ekstern
Rovdata

Nettside hos rovdata.no

Skrive av Silje Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2022