Oppgåve
Vurder etikken i ulike tv-konsept
Gjer ei medieetisk vurdering av nokre populære tv-konsept. Kva for nokre etiske utfordringar må programskaparane ta stilling til undervegs i produksjonen? Kva konsekvensar kan programma få for deltakarane og dei som blir omtalte?

Deltakarane i realityserien Ex on the Beach under haustlanseringa for fjernsynskanalane Discovery, TVNorge og Dplay i 2019.
Gruppearbeid
Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe gjer ei etisk vurdering av desse to tv-konsepta:
Gruppa vurderer i tillegg eit populært tv-konsept frå anten TV 2, TVNorge eller TV3.
Kva går konseptet ut på?
Kva medieetiske utfordringar kan oppstå i eit slikt tv-konsept?
Korleis synest de produsenten har handtert desse utfordringane?
Kva konsekvensar kan det få å delta i eit slikt tv-konsept?
Kva konsekvensar kan det få for dei som blir omtalte, eller for pårørande eller likesinna?
Ville du ha delteke i eit slikt program? Kvifor? Kvifor ikkje?
Klassediskusjon
Gruppene presenterer vurderingane sine for resten av klassen.
Diskuter deretter i samla klasse kva etiske krav ein bør stille til tv-konsept som skal sendast på norsk fjernsyn.