Oppgave
Undersøk designmanualar
Du kan lære mykje om korleis designarar har tenkt, gjennom å studere designmanualen til ein organisasjon. Kva blir sagt om logoen, typografi og fargar? Finst det beskrivingar for biletbruk?
Sjå gjennom minst tre ulike designmanualar før du vel ein du synest er inspirerande å jobbe med. Du kan velje eit av døma nedanfor, eller du kan søke etter ein designmanual på nettet.
- Kva symboliserer logoen?
- Er det tydeleg kva ikonet i logoen skal førestille, eller er det abstrakt?
- Kva variasjonar av logoen blir tillatne – og kva er forbodne?
- Veit du kva du skulle ha gjort med logoen viss du måtte plassere han på eit bilete med uroleg bakgrunn?
- Kva slags reglar finst for fargebruk?
- Kva fontgrupper skal brukast saman?
- Finst det reglar for biletbruk?
Viss firmaet som stod bak denne profilen bad deg lage ein stillingsannonse – korleis skulle han sjå ut? Lån teksten frå ein stillingsannonse du finn på nettet, og prøv!