Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Studer og presenter ein epoke

Kva kjenneteiknar stilen til kunstverk eller medieuttrykk for stilepoken de har valt å jobbe med? Studer og presenter!

Menneske har alltid sett visuelle spor etter seg. Det finst fleire tusen år gamle holemåleri og helleristningar med bilete av dyr og menneske, og av scenar frå jakt og fiske. I dag blir det spraya graffiti på murvegger og T-banevogner. Aktiviteten er på sett og vis den same, men det visuelle uttrykket er ulikt.

I denne oppgåva skal de gå i grupper på to eller tre, velje ein stilepoke, setje dykk grundig inn i han og presentere han for klassen.

Oppgåve

1. Samanlikn

Sjå på dei to illustrasjonane over. Dei er frå to ulike periodar, det er fleire tusen år mellom dei. På kva måte kan dei to illustrasjonane seie noko om kva folk på den tida var opptekne av, og kva slags verktøy og teknikkar dei hadde tilgang til?

2. Gjer research

Vel ein epoke frå stilhistoria eller filmhistoria. Bruk gjerne oversikta i fagartikkelen "Stilhistorie og uttrykkshistorie". Bruk nettsøk i arbeidet.

Sett dykk inn i epoken

  1. Korleis var tidsperioden då denne stilepoken dominerte? Kva prega verdssamfunnet på den tida?

  2. Kva var folk opptekne av på den tida? Var det mellomkrigstid og uro, eller kanskje hippietid og "flower power"?

  3. Kven er dei mest kjende kunstnarane innan stilepoken, og kvar heldt dei til?

Finn bilete frå epoken

  1. Finn døme på kunstverk frå stilepoken, finn òg fram informasjon om kunstverka.

  2. Diskuter og samanlikn uttrykka med tanke på

    • motiv
    • fargebruk

    • teknikkar

    • stil

3. Lag ein presentasjon

Bruk bilete, vis døme, peik og forklar. Presentasjonen skal organiserast slik:

  1. stilretning (nemn tid og stad)

  2. kjenneteikn på verdssamfunnet

  3. dagsorden og trendar for epoken

  4. kjende kunstnarar og kunstverk

Relatert innhald

Tre tips til presentasjonar

Tre tips til ein god presentasjon: Kven presenterer du til? Lag ein visuell presentasjon med få ord. Sist, men ikkje minst: Øv!

Skrive av Ellen Johansen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 28.01.2025