Å skape tekst

Tekstar har eit formål
Mediekommunikasjon er retorisk – det vil alltid ligge eit formål eller ei hensikt bak eit medieuttrykk. Når du skriv, kan formålet med arbeidet ditt vere
å vekke kjensler
å formidle fakta
å overtyde nokon om noko
Tenk etter
Kva er formålet med
ein informasjonsbrosjyre
eit slagord for ei bedrift
eit manus til ein filmkomedie
ei skriftleg drøftingsoppgåve i mediefag
Dokumentarisk skriving
Faktum og sanning står i sentrum når du skriv dokumentarisk. Dokumentarisk betyr at innhaldet baserer seg på verkelegheita, at påstandar er sanne. Tenk på verbet "dokumentere", som betyr å bevise at det du påstår er sant.
Formålet med dokumentarisk skriving er å formidle noko som er sant om verkelegheita.
Døme er reportasjar, nyheitssaker, kommentarar og offentlege informasjonssider på nettet. Leksikonartiklar, faktabøker, biografiar og forskingsrapportar er andre døme. Når du skriv fagtekstar på skulen, skriv du dokumentarisk. Du søker etter kjelder, behandlar dei kjeldekritisk og bruker dei som grunnlag for skrivearbeidet ditt.
Særlege utfordringar i denne sjangeren er å velje presise ord og uttrykksmåtar. Det viktigaste er at lesaren forstår det som blir formidla, så riktig så mogleg. Det skal ikkje skapast misforståingar eller forvrengde sanningar og verkelegheitsbilete.
Kreativ skriving
Kreativ skriving spring ut av arbeid med idéar eller kreative øvingar. At noko er kreativt, betyr at det er skapt i det oppfinnsame hovudet til nokon. Det kan vere fantasi frå ende til annan, eller det kan vere ei beskriving av noko verkeleg, der opplevinga av teksten er viktigare enn ei presis førestilling om det sanne.
Formålet med kreativ skriving er å gi opplevingar og påverke kjenslene til lesaren. Det kan sjølvsagt òg vere å få utløp for idéar og kjensler hos den som skriv.
Døme på kreativ skriving er manus, reklametekstar, songtekstar og romanar.
Utfordringa i kreativ skriving er å bruke verkemiddel som treffer lesaren. Humoristiske verkemiddel skal helst gjere teksten morosam. Eit filmmanus må ha ein hovudperson som publikum får eit forhold til. Eit slagord bør treffe målgruppa.
Film: Å skape tekst
I denne filmen (lengde 8:52) møte du nokre kreative unge tekstprodusentar. Fay skriv songar og lager musikk, Even skriv manus for teaterscenen, Regine lagar teikneseriar, og Anna bloggar.
Hybride sjangrar
Mange sjangrar er mellom kreativ og dokumentarisk skriving. I manuset til ein dokumentarisk film eller ein reportasje vil det som regel vere innslag av kreative verkemiddel. Skriv du godt dokumentarisk, bruker du kreativiteten din til å beskrive verkelegheita på ein levande måte.
I kreative sjangrar blir dokumentariske metodar brukte i research, og fakta kan brukast som verkemiddel for å skape truverdige historier og knytte dei til verkelegheita.
Kven skriv du for?
Å skrive for seg sjølv
Mange unge skriv berre for seg sjølv. Gjennom tekstar kan du gi uttrykk for eigne tankar, kjensler og meiningar. Som forfattar har du stor fridom, men det er likevel viktig å ha kunnskap om sjangrar, format og språklege verkemiddel.
Skriv du eit manus for ein kortfilm du vil sende til Amandusfestivalen, er det du som fortel ei historie. Men sjølv om du skriv på vegner av deg sjølv, bør manuset følge konvensjonar for manusskriving slik at det skal vere lett for deg å realisere kortfilmen saman med andre.
Å skrive for ein oppdragsgivar
Som elev opplever du rett som det er at læraren din ber deg om å skrive ein tekst. Då kan formålet vere å sjekke om du kjenner til grunnleggande mediefaglege omgrep og teoriar, eller om du forstår kva krav som gjeld for skriving i medieproduksjon.
Dei fleste tekstprodusentar innan mediebransjen har ein oppdragsgivar. Journalistar er gjerne knytte til ein redaksjon og får oppdraga sine derifrå. Manusarbeid er ein viktig del av film og tv-produksjon. Andre skriv tekstar på oppdrag for eit eit reklamebyrå, ei bedrift eller eit politisk parti.
Når du skriv for ein oppdragsgivar, må du forsikre deg om at du forstår kva forventningar oppdragsgivaren har til teksten, kva medium og kanal teksten skal formidlast gjennom, og kven som er den primære målgruppa.
Å skrive for ei målgruppe
Meininga i ein tekst blir ikkje berre skapt av den som skriv teksten, men òg av den som les han. Hugs at skriftlege tekstar kan misforståast eller tolkast på ein heilt annan måte enn det du hadde sett for deg.
I medieproduksjon er det derfor viktig å tenke på kven du skriv til, altså kven som er målgruppa for teksten. Ei målgruppe er ei gruppe personar med felles kjenneteikn som alder, kjønn, interesser, inntekter og geografisk eller kulturell tilhøyrsel. Du må forme innhaldet med ut frå dei mediefaglege teoriane og med dei metodane og verktøya som passar målgruppa best.
Forfattar og avsendar
Forfattaren og avsendaren av ein tekst er ikkje nødvendigvis den same. Dersom du skriv ein songtekst eller ein blogg, er du både forfattar og avsendar av teksten. Men dersom du skriv for ein arbeidsgivar, er det arbeidsgivaren som er avsendar. Du er berre forfattaren.
Tenk etter
- Ein nyheitsnotis – kven er avsendar, og kven er forfattar?
- Ein reklametekst – kven er avsendar, og kven er forfattar?
Ein leiarartikkel i ei avis – kven er avsendar, og kven er forfattar?
Ein roman – kven er avsendar, og kven er forfattar?
Ein kortfilm – kven er avsendar, og kven er forfattar?