Fagstoff
Video
Skap den visuelle stilen i filmen
Korleis kan du jobbe med det visuelle uttrykket for å gjere filmen din betre? Filmstudent Fredrik Teige Skrattegaard deler sine tips i ein video produsert for Amandusfestivalen.
Video: Stiftelsen Amandusfestivalen / CC BY-NC-ND 4.0
Produksjonsdesign handlar om å utforme og gjennomføre det visuelle konseptet i ein film. Det handlar om "show, don't tell" (vis, ikkje fortel). Eit bilete på veggen kan fortelje mykje om ein karakter. Det kan også den rotete stova. Produksjonsdesignaren jobbar med å skape den riktige visuelle stilen i ein film. Locations, dekorasjonar og kostyme er blant verkemidla.
"Tek du dei rette vala, kan du fortelje ei heil historie utan å seie eit ord", seier Fredrik Teige Skrattegaard, som studerer produksjonsdesign ved Den norske filmskulen på Lillehammer.
Relatert innhald
Amandusfestivalen
Nettside hos amandusfestivalen.no
Iscenesetjing av ein film
Scenografi handlar om det visuelle uttrykket i ein film.