Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

På jobb som gravejournalist

I desse oppgåvene skal du jobbe med undersøkande journalistikk. Kven blir gravejournalisten til klassen? Og korleis arbeider journalistar systematisk med kjeldearbeid for å avsløre feil og maktmisbruk?

Her er tre oppgåver om undersøkande arbeidsmetodar i journalistikk.

I den første oppgåva skal du grave fram personopplysningar på nett og i sosiale medium.

I dei andre oppgåvene skal du oppdage og vurdere korleis profesjonelle journalistar jobbar fram saker ved hjelp av systematisk kjeldearbeid.

I den tredje oppgåva skal du undersøke kjeldebruken i dokumentaren Drapet i akebakken frå NRK Brennpunkt.

1. Kven blir den beste gravejournalisten i klassen?

Vel ein person som klassen vil finne ut meir om! Søk på nett og i sosiale medium for å grave fram flest moglege opplysningar om han eller ho. Kven er best i klassen på journalistisk research?

A. Finn ein felles person

Bestem dykk for ein person som de vil lære meir om. Alle i klassen skal finne informasjon om same person. Personen kan vere ein de kjenner frå før, eller ein ukjend.

Kanskje de skal i gang med eit prosjekt, og vil vite meir om nokon i samband med dette?

Obs: Viss de vil undersøke ein person de kjenner, sørg for å få samtykke frå han eller ho før de set i gang. Å vareta etiske retningslinjer og halde dykk innanfor lovverket er ein del av oppdraget. Opplysningar om kjelda skal behandlast med respekt, så ver varsam med informasjonen de spreier. Det kan hende at de ikkje skal dele vidare alt de finn ut om personen.

B. Søk på nettet og i sosiale medium

Alle i klassen gjer individuelle undersøkingar om personen. Opprett eit eige dokument der du samlar informasjonen og systematiserer søka. Gjer søk på nettet og i sosiale mediekanalar.

Tips til kjeldesøk i sosiale medium

Hanne Louise Åkernes er journalist i Bergens Tidende og deler konkrete tips til korleis ein kan grave fram informasjon om andre på nettsida til Elevkanalen. Ho finn personopplysningar mellom anna gjennom å bruke Facebook Graph Search. (Hugs å byte språk til US English for at Facebook Graph Search skal fungere.)

Elevkanalen: Hanne Louises graveskole

C. Del funna i klassen

Fortel om personopplysningane du har fått tak i til dei andre i klassen. Samanlikn resultat.

Ver gjerne kritiske til det de har funne ut. Vurder truverdet til informasjonen, og diskuter kva søk som har gitt best informasjon. Sjekk at alle har gjort søk som er godt innanfor etiske retningslinjer og reglar.

Samanfatt til slutt: Kven i klassen fann ut mest, godt innanfor etiske retningslinjer og regelverk? Stem, og avgjer kven som vinn tittelen "beste gravejournalist i klassen"!

2. Journalistisk gravearbeid

I undersøkande journalistikk er det god praksis å dokumentere kjeldearbeidet i idéutviklinga.

Kvart år leverer journalistar grundige metoderapportar til Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse (SKUP) for å dokumentere arbeidsprosessane sine.

Formålet med rapportane er mellom anna å vise fram korleis du kan jobbe med kjeldearbeid for å avdekke kritikkverdige forhold i samfunnet.

A. Utforsk SKUP-rapportar

Gå inn på SKUPs nettside og utforsk metoderapportane til ulike journalistar. Finn du dokumentasjon og skildringar av korleis dei jobbar med kjeldearbeidet? Korleis jobbar dei med å systematisere funna?

Forslag: les metoderapporten "Forfulgt"

I august 2020 publiserte Adresseavisen saka "Forfulgt" om ein mann som terroriserte kvinner via sosiale medium.

I metoderapporten kan du lese korleis Elise Rønningen, Toini Thanem, Jonas Nilsson, Therese Sanne og Jonas Alsaker Vikan jobba med kjeldearbeidet og kartlegginga av rørslene til mannen.

SKUP: Metoderapporten til "Forfulgt"

B. Studer ein SKUP-rapport

Vel ein metoderapport frå nettsida til SKUP, og svar utfyllande på desse spørsmåla:

  • Korleis har journalistane arbeidd systematisk med kjelder?

  • Kvifor var det viktig å undersøke saka?

  • Kva tenker du no om arbeidet ditt med å grave fram personopplysningar i oppgåve 1? Vurder i kva grad du klarte å ta gode val og opptre omsynsfullt i kjeldearbeidet.

3. Drapet i akebakken

I 1994 fekk tre små barn skylda for å ha teke livet av ei jamaldra jente i ein akebakke. NRK Brennpunkt laga ein dokumentarserie på fire episodar for å prøve å kartlegge kva som eigentleg skjedde. Sjå heile eller deler av serien:

NRK Brennpunkt: Drapet i akebakken

Reflekter rundt desse spørsmåla:

  • Kva kjelder har redaksjonen i Brennpunkt brukt for å prøve å forstå hendingsgangen på ulykkesdagen?

  • Korleis har Brennpunkt jobba systematisk med kjeldearbeidet?

  • Kor truverdige er kjeldene? Er nokon meir truverdige enn andre? Kva gjer ei kjelde truverdig?

  • Kor truverdig er Brennpunkt-redaksjonen? Kva tenker du om arbeidsmetodane deira? Kva tenker du om formidlinga? (Døme: bruken av forteljegrep, verkemiddel, dramaturgi og så vidare.)

  • Kva tenker du om skyldspørsmålet? Gir dokumentarserien eit svar på om det var barna som mishandla venninna i hel?

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 20.12.2021