Louder than Bombs - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Louder than Bombs

Louder than Bombs handlar om korleis familien klarer seg etter at mor på tragisk vis døyr i ei bilulykke. Filmen har kjende skodespelarar som Gabriel Byrne, Isabelle Huppert og Jesse Eisenberg i hovudrollene.

Handlinga

Rett etter at Isabelle Reed (Isabelle Huppert) har slutta i jobben som krigsfotograf, døyr ho i ei bilulykke. Ho lèt etter seg mann (Gabriel Byrne) og to søner (Jesse Eisenberg og Devin Druid), og ei rekkje fotografi frå dei krigane ho har dekt. Filmen startar tre år etter ulykka då det skal arrangerast ei minneutstilling for henne. På minneutstillinga skal nokre av dei beste bileta hennar stillast ut. Reeds journalistkollega gjennom fleire år skal også skrive ein minneartikkel om henne i The New York Times.

Isabelle sin yngste son, Conrad, er ein enstøing som ikkje seier stort, og som bruker store delar av fritida på å spele dataspel. Faren slit med å komme i kontakt med Conrad. Han er uroa for korleis Conrad vil takle å lese artikkelen som snart vil stå på trykk i avisa. Faren fryktar at artikkelen vil antyde at dødsfallet til Isabelle ikkje var ei ulykke, men at ho tok sitt eige liv. Eldstebror Jonah, som nettopp har blitt far sjølv, kjem på besøk for å gjennomgå mora si biletsamling i samband med minneutstillinga. Saman med faren forsøkjer Jonah å finne ut av korleis det eigentleg står til med Conrad.

Filmspråk

I Louder than Bombs blir bilete, lyd, lys og musikk nytta stilsikkert for å skape stemning i filmen. Eit annet trekk ved forteljemåten i filmen er korleis vi blir kjende med karakterane. Vi blir blant anna kjende med karakterane, og med historia, gjennom ei rekkje tilbakeblikk til tidlegare hendingar og gjennom innblikk i draumar som dei ulike karakterane har. På denne måten har filmen ein glidande overgang mellom fantasi og verkelegheit.

Filmfestivalen i Cannes

I 2015 deltok filmen i hovudkonkurransen ved filmfestivalen i Cannes. Det var då 36 år sidan sist ein norsk film konkurrerte om Gullpalmen. Anja Breien deltok med Arven i 1979.

Relatert innhald

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020