Lag videoessay om kjønn og identitet - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag videoessay om kjønn og identitet

"Jenter er søte, og gutar er tøffe". Dette er ein gammal stereotypi som har gått ut på dato. Eller har han eigentleg det? Lag eit videoessay som handlar om kjønn, identitet og forventningar til kjønn.

Oppgåve

Lag eit videoessay der du reflekterer over kjønn og identitet. Kva forventningar blir stilte til oss på grunn av kjønnet vi er fødde som? Korleis er det å sprenge grenser om kjønn i dagens Noreg? Er vi så moderne og fordomsfrie som vi trur?

Eit godt videoessay krev at du har kunnskap om emnet du skriv om, slik at du kan trekke inn ulike meiningar og perspektiv. Du skal òg reflektere over eigne og andre sine synspunkt. I videoessayet ditt er det forventa at du siterer og refererer andre tekstar som klargjer og støttar momenta du har med.

Forslag til framgangsmåte

Du kan bruke ressursane under for å strukturere arbeidsprosessen.

  1. Oppgåve: Idéutvikling videoessay

  2. Oppgåve: Arbeid med språklege verkemiddel

  3. Oppgåve: Et manus med flyt

  4. Oppgåve: Praktisk produksjon og etterarbeid

Tips til tekstar om kjønn og identitet

Les, lytt og sjå tekstar som på ulike måtar tematiserer kropp. Samarbeid gjerne med andre: Del tekstane mellom dykk og noter ned stikkord, gode poeng og sitat de kan bruke i videoessayet. NB: Hugs å notere ned kvar du hentar tekstutdrag frå, slik at du får ført kjeldene korrekt i rulleteksten.

Sjå!Les!

Episoden "Feminazi" i NRK-serien F-ordet på NDLA

Dokumentaren Kjønnskampen på NRK

Kortfilmen Bendik og monsteret

Kortfilmen Det er lov å si nei

Episoden "Likestilling" i NRK-serien Chattes

Dokumentaren Alt om min far

Nasjonalbibliotekets podkast, episoden "Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet"

Kronikk, NRK: "Menn av få ord" av Robert Mood

Debattinnlegg, Dagsavisen: "Vi må snakke sammen, gutter" av Mani Husseini

Novella "Annleis" av Ingunn Holmen

Roman, Nasjonalbiblioteket: Egalias døtre av Gerd Brantenberg

Sakprosa, Flyt Frem: "Hyllest til prinsessene blant oss" av Karoline Skarstein

Skrive av Åsa Abusland, Caroline Nesbø Baker og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022