Lag ei lydreise - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag ei lydreise

Miljølydar fortel oss kvar vi er, for eksempel på kafé, i skogen eller langs vegen.

Ta opp og rediger miljølyd

  1. Gå saman i par. Bruk lydopptakar til å ta opp miljølyd frå gata, parken, kantina, biblioteket eller andre stader. Hugs at lyttarane skal få kjensla av sjølve å vere til stades på same location.
  2. Lytt til dei ulike opptaka i klassen. Klarer de å høyre kor dei ulike miljølydane er henta frå?
  3. Bruk eit lydredigeringsverktøy og sett saman dei ulike miljølydane til ei lydreise, det vil seie ei forteljing der dei som høyrer på, får ei kjensle av å reise gjennom eit landskap eller ein bygning.
Skrive av Thomas Nupen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018