Lag bilete til ei fotoutstilling om nettroll - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag bilete til ei fotoutstilling om nettroll

Du skal lage eit bilete som handlar om nettroll og nettmobbing, til ei fotoutstilling. Bruk fototeknikk, visuelle verkemiddel og forteljeteknikkar til å lage eit medieuttrykk som klart og tydeleg formidlar bodskapen din.

Eit «nettroll» er ei nemning på ein person som stadig postar provoserande innlegg eller plagar andre med sjikanøs omtale i forskjellige internettforum. I dette oppdraget skal du bruke det du har lært om mediebruk og identitetsdanning, informasjonsverksemd og bruk av fototeknikk, forteljeteknikk og verkemiddel i fotoproduksjon.

Krav til arbeidsoppdraget

  1. Les først fagartiklane Medium og identitetsdanning og Å gjere seg synleg på nettet. Les også den eksterne artikkelen Trues av nettroll, sjå filmen Trollus Netticus og set deg inn i kampanjen Bruk Hue.
  2. Presenter eit samandrag av innhaldet i filmar og artiklar i klassen.
  3. Klassen skal no planleggje ei fotoutstilling som skal visast i kantina eller i eit anna fellesområde på skulen. Vurder om de vil bruke Bruk Hue eller ein annan organisasjon som oppdragsgivar for fotoutstillinga.
  4. Diskuter og bli einig om ei problemstilling som skal vere felles for alle bileta i fotoutstillinga, og om de vil bruke tittelen Nettroll eller ein annan tittel på utstillinga.
  5. Formuler bodskapen i det biletet du vil lage til fotoutstillinga, skriftleg.
  6. Lag gjerne ein moodboard.
  7. Bestem kva fotomodellar og kva opptaksstad (location) du vil bruke, i samråd med lærar.
  8. Planlegg og ta bilete. Hugs å ta mange bilete slik at du har nok råmateriale å velje mellom.
  9. Gjer deg kjend med det fotoredigeringsprogrammet du vil bruke, og ulike rettleiingar på nett i bruk av bileteffektar (f.eks. Photoshop-effektar). Bruk deretter god tid til å etterbehandle biletet ditt i eit fotoredigeringsprogram.
  10. Lever biletet i eit bestemt format etter avtale med lærar.
  11. Set bileta saman til ei utstilling i samarbeid med dei andre i klassen.
  12. Skriv eit refleksjonsnotat der du skildrar kva du gjorde og kva du lærte i dette oppdraget.
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018