Kjelder til inspirasjon - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kjelder til inspirasjon

Gå systematisk til verks. Bruk kjelder for å bli inspirert i arbeidet med å utvikle idéar og medieprodukt.

1: Inspirasjon

Veit du kva betyr? Å vere inspirert er å vere oppglødd og ha lyst til å gjere noko. Er du inspirert, har du driv, vilje og framdrift! Når du produserer , skaper du noko. Det kan vere hardt arbeid. Er du inspirert, gjer det arbeidet ditt lettare. Det blir lettare å vere kreativ, vite kva du skal gjere, kva val du skal ta, og løyse vanskelege oppgåver.

Grunntydinga til verbet inspirere kjem av latin og tyder å ande inn.

Har du tenkt over kvar inspirasjon kjem frå? Nokre kan bli inspirerte av menneske, mens andre blir inspirerte av musikk, mat, eller spesielle omgivnader, til dømes eit bibliotek eller naturen. Kunnskapar og forteljingar kan også vere inspirerande.

Har du aktivitetar du liker å halde på med, og er du interessert i å setje deg inn i eit tema, vil også dette gi deg inspirasjon.

Individuelt: Kva vil det seie å vere inspirert?

Ta tida. Gi deg sjølv fem minutt. Skriv ned, gjerne med papir og blyant, alt som inspirerer deg. Beskriv også kjensla av å vere inspirert.

Gjer dette som "friskriving", altså at det ikkje treng å bli ein samanhengande tekst. Du bruker skrivinga for å kome i gang med å reflektere.

To og to: Korleis blir de inspirerte?

Set dykk saman to og to. Diskuter kva som inspirerer dykk. Kva inspirerer dykk på fritida og i skulearbeid? Har de nokon strategiar de bruker for å bli inspirerte?

2: Inspirert av kjelder

Ved å øve deg kan du bestemme deg for å bli inspirert i ei bestemd retning og bruke dette aktivt når du skal lære noko.

Ikkje minst gjeld det når du surfar på nettet. Du kan leite fritt eller systematisk, og du kan finne, bruke eller forkaste.

Diskuter i gruppa

  • Kva finn de på nettet som inspirerer dyk i arbeidet med ?

  • Korleis går de fram med kjeldesøk, og kva gjer de med utvalde kjelder for å bli inspirerte?

  • Vis kvarandre kvar hen og korleis de finn fram til inspirerande kjelder på nettet.

3: Søkjeøvingar

Her kan de jobbe individuelt eller samarbeide. De kan velje å gjere alle oppgåvene eller plukke ut nokre og justere dei, dersom det er meir inspirerande.

  1. Lag ei samling frå nettstaden Pinterest over kjøkkeninteriør frå 1950-talet. Samlinga skal kunne brukast til å planleggje for ein eller eit fotoportrett.

  2. Søk etter filmar på NDLA film, i filmdatabasen IMDb og i ei valfri . Kva filmar eller seriar får de lyst til å sjå? Kvifor? Kva for nokon , tekstar og brukaropplevingar vekkjer interesse? Kvifor?

    Diskuter i kva samanhengar de kan bruke søk og kjelder i slike tenester til inspirasjon i skulearbeidet. Argumenter for kva, korleis og kvifor.

  3. Bruk ei strøymeteneste for musikk og . Finn døme på følgjande:

    • musikk eller lyd som gir dykk inspirasjon til å lage til ei nyheitssending

    • musikk som set dykk i humør til å jobbe med noko ekstra vanskeleg

    • musikk de ville ha brukt til i ein skuleavslutningsvideo

    • ein podkast som er bygd opp slik de ville ha laga ein podkast

    Tenk gjennom: På kva andre måtar kan de bruke slike strøymetenester som inspirasjon til skulearbeid?

  4. Undersøk verktøyet Adobe Color.

    • Diskuter korleis dette verktøyet kan gi inspirasjon i ulike samanhengar.

    • Kjenner de til andre liknande verktøy?

  5. Gå gjennom utvalde delar av emnet stilhistorie.

    • Diskuter korleis de kan bruke denne kjelda som inspirasjon i ulike samanhengar.

    • Kjenne de til andre kjelder som de kan bruke på same måte?

4: Del eigne erfaringar med verktøy og tenester

Lag ei liste over kjelder, verktøy og tenester de meiner andre kan ha nytte av – særleg når det gjeld å bli inspirert i arbeidet med medieproduksjonar.

Forklar også korleis forslaga på lista kan brukast, og kva dei kan brukast til.

5: Oppsummer i klassen

  • Korleis blir de inspirerte av kjelder i arbeidet med medieproduksjonar?

  • Presenter ein eller to av refleksjonane dykkar frå arbeidet med øvingsoppgåvene.

  • Gi kvarandre minst to tips til nyttige tenester eller verktøy, og fortel korleis de kan bruke dei for å få inspirasjon.

  • Lag eit klassearkiv med alle tipsa!

Relatert innhald

Oppgåve dediktert til Ragna Marie Tørdal.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022