Intertekstualitet i medietekstar
Film: Kva er intertekstualitet?
Videoen under (lengde 2:24) forklarer omgrepet intertekstualitet.
Tekstar og intertekstualitet
Intertekstualitet kjem av det latinske ordet inter, som betyr "mellom", og ordet textum, som betyr "vev". Omgrepet vart først utforma av litteraturforskaren Julia Kristeva i 1967.
Når vi studerer korleis samspelet med andre tekstar bidreg til å gi teksten betydning, kan vi bruke denne definisjonen av omgrepet intertekstualitet:
Intertekstualitet, eller tekstsamspel, handlar om tekstar som tek omsyn til andre tekstar gjennom lån, kjende motiv, sitat og allusjonar.
Når vi snakkar om tekstar i denne samanhengen, bruker vi det utvida tekstomgrepet.
Julia Kristeva bygde definisjonen sin på teoriane til litteraturforskaren Mikhail Bakhtin. Han peiker på at tekstar ofte inneheld mange stemmer med ulike perspektiv. Dei er polyfone, eller fleirstemmige.
Intertekstualitet i spelefilmen Beatles
Den norske spelefilmen Beatles (2014), regissert av Peter Flinth, bygger på ein roman av Lars Saabye Christensen med same tittel. Teksten har tydelege referansar til populærkulturen på 1960-talet og det miljøet som oppstod rundt dei første norske drabantbyane.
I ein roman kjem dei ulike stemmene til uttrykk gjennom dialogar, skildringar, tankereferat og forteljarstemmer. Ei visuell medieforteljing kan ta i bruk andre verkemiddel enn ei litterær forteljing. I ein film kan intertekstualitet til dømes komme til syne i karakteren sin positur, kjende motiv og symbol, fargar og lyssetjing eller musikk og rekvisittar.
Film: Beatles
Nedanfor kan du sjå spelefilmen Beatles (lengde 1:52:59).
Kva referansar finn du i filmen?
Kven var The Beatles, og korleis påverka bandet si eiga samtid?
Finn døme på intertekstualitet i opningsbiletet og anslaget til spelefilmen Beatles.
Trur du dei som var unge på 1960-talet, får andre assosiasjonar enn deg når dei ser filmen?
Intertekstualitet som utviding av teksten
Når intertekstualitet utvidar teksten, kan det skje på to måtar:
- Teksten blir utvida når han låner uttrykk og innhald frå andre tekstar.
- Teksten blir utvida når han opptrer i eit samspel med andre tekstar i samfunnet.
Tenk deg at du er russepresident og vel å innleie talen din med setninga "Eg har ein draum". Mange som høyrer på, vil då truleg forbinde denne utsegna med talen til den amerikanske borgarrettsforkjemparen Martin Luther King jr. I talen "I Have a Dream" (1963) kravde han slutt på all rasistisk diskriminering i USA.
Når du bruker denne kjende utsegna, skaper du ei tematisk og verdimessig kopling mellom din tale og Kings tale. Denne forma for intertekstualitet kallar vi allusjon. Ved hjelp av små lån eller tilvisningar til andre tekstar utvidar du innhaldet i din eigen tekst, og du dreg nytte av dei styrkane som finst i andre tekstar.
Intertekstualitet handlar også om lån frå hendingar og kulturelle og religiøse førestillingar i fortid og notid. Gjennom å studere dei koplingane tekstane har til andre tekstar i samfunnet, kan avsendaren også spegle dette samfunnet i teksten og seie noko viktig om det til mottakaren.
Intertekstualitet som lesemåte
Studiar av intertekstualitet er eit viktig bidrag til å forstå mediekulturen i vår tid. I medievitskapen vart omgrepet intertekstualitet vidareutvikla av mellom anna John Fiske i boka Television Culture (1987). Både han og litteraturforskaren Roland Barthes la større vekt på den sosiale tilhøyrselen i teksten.
Tekstar oppstår i ein kontekst. Dei er alltid påverka av det samfunnet og den kulturen dei oppstår i. Måten vi "les" ein tekst på, blir påverka av dei forventningane vi har til avsendaren, sjangeren og eigenarten til mediet. Barthes meinte derfor at betydninga av ein tekst ikkje nødvendigvis berre ligg innbakt i teksten, men også blir påverka i møtet mellom tekst og mottakar.

Myten om den sexy blondina
Eit døme John Fiske viser til i boka Television Culture, er artisten Madonnas musikkvideo "Material Girl" (1984). Videoen er ein parodi på Marilyn Monroes song- og dansenummer "Diamonds Are a Girl's Best Friend" i filmen Gentlemen Prefer Blondes (1953).
Men vi treng ikkje å ha sett denne filmen for å forstå bodskapen i Madonnas musikkvideo. Det ho referer til, er nemleg det ikoniske biletet vi alle har på netthinna av Marilyn Monroe som sexy blondine, og ein seigliva kulturell myte om blondiner som dumme, deilige og villige.
Det er altså både referansen til ein annan medietekst og den kulturelle referansen som utvidar betydninga av Madonnas musikkvideo.
Tekstar om tekstar
I mediesamfunnet blir det stadig produsert tekstar som ikkje berre referer til, men som også handlar om andre tekstar. Døme er filmtrailerar, promoteringsintervju med plateaktuelle artistar, "bakomfilmar" om filmproduksjonar, bokmeldingar, diktanalysar eller reklamar for ulike medieforteljingar i sosiale medium.
John Fiske skil mellom primære, sekundære og tertiære tekstar:
Primærtekstar er tekstar som mottakaren kan forstå utan referanse til andre tekstar, utover at dei tilhøyrer ein bestemt sjanger, til dømes tv-serien Redningshundene på NRK.
Sekundærtekstar er tekstar som handlar om primærtekstar, til dømes
bokmeldingar på NRK.Tertiærtekstar er publikum si tolking av primærteksten, til dømes videoen "Diktet 'Naudbluss' av Frode Grytten" på NRK. Her bruker NRK stillbilete og musikk til å gi oss ei tolking av Frode Gryttens dikt "Naudbluss".
Horisontal intertekstualitet oppstår når primærtekstar refererer til andre primærtekstar, eller når tekstar på same nivå referer til kvarandre. Madonnas referanse til "Diamonds Are a Girl's Best Friend" er då eit døme på horisontal intertekstualitet.
Vertikal intertekstualitet dreier seg om relasjonane mellom primære, sekundære og tertiære tekstar. NRKs melding på nett av dramaserien The Gilded Age er eit døme på vertikal intertekstualitet. Du kan lese meldinga av The Guilded Age på NRK.
Viktige omgrep
- det utvida tekstomgrepet
- det at bilete, film, tale, lyd, arkitektur og klede blir lesne og tolka som tekstar på lik linje med skriftlege tekstar
- intertekstualitet
- handlar om at tekstar sjeldan står heilt åleine, men er vovne saman og stiller seg til kvarandre som ein måte å skape meining på
- sitat
- ei ordrett attgiving av eit brotstykke av ein tekst; i ein medietekst kan eit sitat til dømes bestå av ei skriftleg attgiving, eit klipp frå ein film eller eit klipp frå eit lydopptak
- allusjon
- ein referanse til eller eit lån frå ein annan tekst eller eit anna uttrykk
- parodi
- ei etterlikning som har som føremål å latterleggjere det ho liknar på, det kan vere ein person, ei hending eller eit medieuttrykk
- ikonisk
- omgrep som blir brukt om noko som er karakteristisk eller typisk for ei tid, ein sjanger eller ein kultur
Relatert innhald
På nittitalet utvikla regissørane Quentin Tarantino, Roberto Rodriges, David Lynch og til dels Oliver Stone ein ny visuell stil der det å vise til tidlegare filmhistoriske periodar stod sentralt.
I denne oppgåva skal du utforske referansar til kulturelle mytar og bruke ein slik myte i eigen tekstproduksjon.