Oppgave
Kva for miljø vel du?
Når vi kombinerer bilete og lyd får vi inntrykk både gjennom høyrsel og syn. Klarer du å skilje kva det er som gir deg informasjon og kva som gir oppleving i desse eksempla?
- Kva for eit av dei to miljøa ville de oppheldt dykk lengst i?
- Kva for informasjon og oppleving får de på lydsida og på biletsida?
- Kva er det lyd og bilete bidreg med kvar for seg og saman?
- Kvifor er det slik, på kva måte er dei ulike sansane viktige?
- Kva har dette å seie for korleis de skal planleggje og byggje lydbilete utan og med bilete?
Ta gjerne ein runde i plenum etterpå og høyr kva dei andre har snakka om.