Form, stilisering og logo - Former og symbolikk i grafisk design - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Form, stilisering og logo

Fagartikkel

Former og symbolikk i grafisk design

Former har symbolsk tyding på same måten som fargar. Når du jobbar med form i grafisk design, må du kjenne til kva dei ulike formene kommuniserer.

Kva slags former er det mogleg å bruke? Forsterkar eller svekkjer forma bodskapen ditt? Det er spørsmål du bør stille deg sjølv når du designar.

Sjølvsagt kan alle former brukast fritt. Det finst ingen absolutte reglar, men det kan vere greitt å vite kva formene representerer, og korleis dei gjerne blir oppfatta.

Sirklar

Ein sirkel har inga byrjing eller slutt. Sirkelen representerer derfor ofte æve og heilskap, samhald og perfeksjon. Forma avgrensar og samlar. Sirklar blir rekna som grasiøse og feminine. At dei ser ut som dei kan bevege seg fritt og rulle, signaliserer energi og kraft.

Kvadrat og rektangel

Kvadrat og rektangel er stabile former som uttrykkjer ærlegdom. Med rette kantar og hjørne representerer dei matematisk orden, rasjonalitet og formalitet. Dei blir ofte sett på som jordnære former. Firkantar antydar tryggleik, og at ein følgjer reglar og konvensjonar. Det kan vere positivt dersom ein vil ha eit solid og tradisjonelt uttrykk, men dei kan også opplevast om trauste og keisame.

Tenk over!

  • Kva kan du gjere med firkantane for å gjere dei meir interessante?
  • Kva skjer med uttrykket dersom du set firkanten på skrå? Eller fjernar ein bit frå han?

Trekantar

Trekantar er stabile og sterke når dei er plasserte horisontalt på ei av sidene, men ustabile når dei ikkje gjer det. Dei symboliserer maskulinitet. Forma kan lett assosierast med piler og representerer rørsle, handling, pågangsmot og aggresjon.

Organiske former

Organiske former er uføreseielege og uttrykkjer kreativitet, utvikling og forandring. Dei blir gjerne oppfatta som behagelege og roande å sjå på og verkar meir spontane enn dei geometriske formene.

Tenk over!

  • Passar trekanten best i logoen til eit nytt og ambisiøst teknologiselskap, eller passar han betre i ei handverksbedrift med lange tradisjonar?
Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2017