Digital og KI-generert film

Visuelle effektar
Visuelle effektar (VFX) er eit samleomgrep på digitale metodar og teknikkar som blir brukte etter at ein er ferdig med å filme dei ulike scenane i ein filmproduksjon. Dei blir altså lagde på i dataprogram i postproduksjonen eller etterarbeidsfasen og gjer det mogleg for filmskaparane å fortelje historier som tidlegare ikkje kunne blitt formidla på same måte. Dei kunne ha vore for dyre å produsere, eller det ville ha vore nesten umogleg å filme dei. Til dømes kan det dreie seg om for store og kompliserte filmsett eller monster som ikkje ville verka truverdige utan denne teknikken.
Fleire filmskaparar har etter 2000-talet fått tilgang til VFX-programvare. Teknikkane blir derfor òg brukte i meir uavhengige filmproduksjonar og ikkje berre i filmar med stort budsjett.
I postproduksjonen blir dei ulike visuelle effektane samanstilte med filmopptaka som er gjorde på filmsettet. Dette blir kalla composition (eng.). Prinsippa bak denne måten å lage film på er ikkje nye, men ny teknologi gjer at publikum i større grad har vanskar med å skilje mellom kva som er verkeleg, og kva som til dømes er animert og lagt på i postproduksjonen.
Døme på visuelle effektar
Det er fleire typar visuelle effektar:
- animasjon
- fargekorreksjon, for å justere det fargemessige uttrykket i filmen
- partikkelsimulering, digital teknikk for å lage til dømes snø, eld eller regn
rørslesensorar for å lage digitale karakterar (capture motion – capture performance)
Visuelle effektar og spesialeffektar
Visuelle effektar er ikkje det same som spesialeffektar. Spesialeffektar er effektar som blir brukte på settet, altså der ein gjennomfører filmopptaket. Pyroteknikk og eksplosjonar er døme på dette. Dei visuelle effektane til ein film blir lagde på etter at filmopptaka er ferdige, altså i postproduksjonen.
Digitale karakterar
I filmen War for the Planet of the Apes frå 2017 blir det brukt ein teknikk som på engelsk blir kalla capture motion – capture performance. Dette blir brukt for å skape truverdige digitale karakterar. Spesialbygde kroppsdrakter og ansiktssensorar fangar rørsler og ansiktssuttrykka til verkelege skodespelarar. Dette blir så sett saman til ein digital karakter i postproduksjon.
Denne teknikken vart brukt for å lage Star Wars-karakteren Jar Jar Binks og fekk gjennombrotet sitt med karakteren Gollum i Peter Jacksons Ringenes herre-trilogi.
KI-generert film
Digitale verktøy som tek i bruk kunstig intelligens, gjer det i vår tid mogleg å produsere film utan bruk av kamera eller manuelt utforma animasjonar. Bilete og lydar blir automatisk genererte ut frå ein beskrivande tekst (instruks). Dokumentarfilmen Post Truth (2025) skal vere den første filmen som er laga berre ved hjelp av KI (Ntim, 2025).
Kunstig intelligens kan brukast i alle fasar av ein filmproduksjon. Store produksjonsselskap vurderer no å ta i bruk KI både i innhaldsproduksjon og til effektivisering av arbeidsprosessar. Mange filmarbeidarar er derfor redde for å miste jobben. KI-produksjon reiser òg fleire juridiske spørsmål, mellom anna om kven som har opphavsrett når KI-modellar er trente på tidlegare menneskeskapt innhald.

I 2025 inngjekk Disney ein avtale med KI-selskapet OpenAI. Avtalen inneber foreløpig at brukarar av OpenAI kan generere eigne kortfilmar med rollefigurar frå kjende Disney-filmar (NTB, 2025).
KI-genererte karakterar
Ved hjelp av kunstig intelligens er det mogleg å visualisere alle moglege idéar, også filmkarakterar som etterliknar ekte menneske.
Møt Tilly Norwood, Hollywoods første KI-genererte filmstjerne på Instagram: