Øvelse
Bygg eit lydbilete til filmen
Kan du styrkje og lage spenning og stemning i denne filmen med hjelp av lyd?
Studer filmen nøye, og bruk det du har lært om å byggje lydbilete til å forsterke det visuelle som skjer i filmen.
Du kan
- bruke musikk for å skape ei grunnstemning
- bruke stereoeffekt som støttar rørsla til personen
- bruke lydeffektar for å gjere publikum betre kjende med figuren på husveggen
- velje om du vil gjere eigne opptak av lyd, eller om du vil bruke lydeffektar frå eit lydbibliotek
Resultatet skal ikkje publiserast, så du står fritt til å bruke andre sin musikk og lydeffektar som du vil.
- Lytt til kvarandre sine ulike løysingar.
- Diskuter dei ulike løysingane opp mot kvarandre.
- Fortel kvarandre kva som inspirerte mest.
- Del gjerne med klassen til slutt.