Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Bruk teori og analyser kommunikasjonsprosess

Kva teori og kva kommunikasjonsmodellar eignar seg til analyse av ein bestemd kommunikasjonsprosess? I denne oppgåva skal du vurdere og analysere reklame.

1. Beskriv og vurder Coca-Cola-reklame

Del A

Finn ein Coca-Cola-reklame på nettet og sjå gjennom han.

Del B

Svar på desse spørsmåla:

  1. Forklar kommunikasjonsprosessen i reklamen. Korleis blir bodskapen overført frå avsendar til mottakar?

  2. Bruk prosessmodellen for å beskrive kommunikasjonsprosessen meir inngåande, med innkoding, avkoding og problem med støy som kan oppstå.

  3. Korleis fungerer prosessmodellen som hjelpemiddel når du skal beskrive denne kommunikasjonsprosessen?

  4. Vurder kommunikasjonen ved hjelp av interaksjonsteori. Korleis påverkar sosiale faktorar og kultur korleis vi tolkar medieinnhald? Korleis er samspelet mellom bodskap, avsendar, mottakar og samfunn/kultur i denne reklamefilmen?

  5. Vurder korleis interaksjonsteori fungerer som hjelpemiddel i dette tolkingsarbeidet.

  6. Ta for deg avsendaren Coca-Cola, og svar på desse spørsmåla:

  • Kva er Coca-Colas formål med reklamefilmen?

  • Korleis er fokuset på avsendaren i kommunikasjonen? Er avsendaren tydeleg eller skjult? Kva effekt gir det?

  • Korleis har avsendaren koda bodskapen? Kva verkemiddel, teikn og uttrykksmåtar nyttar avsendaren for å formidle bodskapen i reklamen?

2. Lag kommunikasjonsanalyse av reklame

Del A

Ta for deg eit sjølvvalt reklameprodukt. Det kan vere ein reklamefilm, ein lydreklame eller ein reklameplakat.

  • Gjer ein kommunikasjonsanalyse med vekt på avsendaren og mottakaren i kommunikasjonsprosessen.

  • Nytt relevante teoriar og kommunikasjonsmodellar som hjelpemiddel i analysearbeidet.

  • Presenter analysen i form av ei skriftleg framstilling eller som ein digital presentasjon.

Del B

Refleksjon: Korleis synest du utvalde teoriar og kommunikasjonsmodellar fungerer som hjelpemiddel i dette analysearbeidet?

Relatert innhald

Koding og avkoding av kommunikasjon

Stuart Hall introduserte kommunikasjonsmodellen "koding–avkoding". Bodskapen må kodast av avsendaren og tolkast av mottakaren for å gi meining.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 01.04.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Analyser kommunikasjonsprosess

Gå til faget: Medieuttrykk 3

Gå til emne: Tverrfaglege tema i medium og kommunikasjon vg3