Utforsk grønveggproduksjonar
Opptakk med grønvegg
Som du ser i klippet under (lengde 00:22) gjer ein i grønveggproduksjonar videoopptak av skodespelarar eller objekt framfor ein belyst grøn vegg, duk eller anna grøn flate. Det grøne på opptaket blir fjerna i ei programvare på ei datamaskin. Så blir filmopptaket sett inn i scenografien.
1. Diskuter i grupper: fordelar og ulemper
Korleis tenker du det er for skodespelarane å spele utan å sjå kvar dei er, eller å spele mot ein virtuell karakter?
På kva for måte er det annleis å vere skodespelar med grønskjerm enn å spele i vanleg film?
Kva for fordelar er det med produksjon av grønskjerm?
Kva er ulempene med grønveggproduksjonar?
2. Sjå og vurder musikkvideoen Love is Strong av The Rolling Stones
Korleis er kvar av scenane bygd opp?
Kor mange klipp består scenane av?
Kva for biletutsnitt blir brukt?
Verkar det truverdig? Det er lov å svare både ja og nei. Skriv ned argument.
Ja, fordi:
Nei, fordi:
3. Sjå og vurder Méliès sin film Reisen til Månen
Kven er Méliès, og kva filmar laga han?
- Reflekter over den teknologiske utviklinga. Kvifor vart det brukt effektar før i tida? Kvifor bruker vi effektar i dag? Kva kjenneteiknar den teknologiske utviklinga?
Kva for fordelar og ulemper har vi ved produksjon av visuelle effektar?
Kva skjer til dømes i spelverda med tanke på utvida verkelegheit (augmented reality), VR-briller og blandinga av 3D og verkelegheit?