Utforsk forteljeteknikkar og verkemiddel i medieuttrykk - Forteljeteknikkar og verkemiddel i medieuttrykk - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk forteljeteknikkar og verkemiddel i medieuttrykk

Fagartikkel

Forteljeteknikkar og verkemiddel i medieuttrykk

Du legg til ein skingrande lyd for å skremme og startar filmen med ei dramatisk opning. Når du veit korleis du bruker verkemiddel og forteljeteknikkar i ulike medieuttrykk, kan du styre kommunikasjonen dit du vil.
Sjå mediefolk snakke om forteljetekniske grep i medieproduksjon. Video: film_konsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

I starten av videoen "Forteljetekniske grep i medieproduksjon" ser vi eit klipp frå NRK Super-serien ZombieLars. Ein gut kastar seg ut av eit vindauge i ei blokk, men skader seg ikkje. Dette er eit forteljeteknisk grep som er gjort for å vekke ei ung målgruppe som raskt mister interessa. Lyden av ein gut som treffer asfalten, er eitt av verkemidla som blir brukte for å forsterke dramatikken i scenen. Opninga, eller anslaget, skal gi sjåarane lyst til å sjå meir.

Når du går i gang med ein medieproduksjon, må du finne ut kva du vil oppnå med produksjonen din. Dette bestemmer kva forteljeteknikk og kva verkemiddel som kan passe.

Du bør tenke gjennom dette:

  • målgrupper
  • formålet med bodskapen
  • kanal/plattform
  • sjangerkonvensjonar
  • medietypar du bruker (tekst, lyd, bilete, video, grafisk, interaktivitet)

Kva er forteljeteknikk?

Forteljeteknikk handlar om måten du fortel på. Omgrepet kan forklarast som framgangsmåten du bruker når du har noko du vil formidle. I mediefaget handlar det om korleis du bygger opp innhaldet ditt, og kven du lar fortelje. Ei nyheitssending startar gjerne med den viktigaste saka først. Ein spelefilm kan byrje med eit tilbakeblikk.

Her er fleire forteljetekniske grep som blir brukte av media:

  • starte midt i ei handling (in medias res)
  • byrje med slutten
  • starte med eit anslag
  • avslutte med ein cliffhanger
  • bruke ulike forteljarar
  • kronologisk handling (frå a til å)
  • multilineære handlingar

Kva er verkemiddel?

Medieprodusentar nyttar seg av verkemiddel for å fange og halde på interessa til mottakarane. I mediefaget bruker vi visuelle og audiovisuelle verkemiddel for å oppnå ulike effektar.

Visuelle verkemiddel er det vi kan sjå med auget. Audiovisuelle verkemiddel betyr at du bruker både øyre og auge for å få bodskapen.

Verkemiddel som blir brukte i ulike medieuttrykk, finst mellom anna i

  • språkbruken (ordval, overdrivingar, symbol)
  • grafiske element (former, fontar, storleik, kontrastar)
  • fargar og lyssetjing (mørk, lys)
  • scenografien (uttrykket, iscenesetjinga)
  • kamerabruken (utsnitt, perspektiv)
  • klipperytmen (rask, langsam)
  • lydbiletet (musikk, lydeffektar, miljølyd)

Leik med forteljeteknikk og verkemiddel

Vi bruker gjerne forteljeteknikkar og verkemiddel som er typiske for det medieuttrykket vi skal produsere, og som høyrer til sjangeren vi produserer i.

  • I ein skriven nyheitsartikkel bruker vi eit nøytralt og objektivt språk og startar med det viktigaste først.

  • Reklamefilmskaparen legg på lys- og lydeffektar for å påverke med bodskapen sin.

Dess betre du kjenner utstyr og programvare, dess betre meistrar du kommunikasjonen i dei medieuttrykka du lagar.

Nokre gonger kan det vere spennande å bryte med kjend praksis. Når du har fått meir trening i å lage medieuttrykk, kan du utforske og teste nye metodar i bruken av forteljeteknikkar og verkemiddel.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2020