Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Fasar i ein fleirkameraproduksjon

Ein fleirkameraproduksjon er delt inn i ulike fasar: preproduksjon, produksjon og postproduksjon. Samarbeid er viktig for å sikre god kvalitet på sluttproduktet.

Kva er ein fleirkameraproduksjon?

Fleirkameraproduksjon er standardisert tv-produksjon for mellom anna studiodebattar, livesendingar og konsertar. Produksjonen kan gjerast som direktesending, altså i sanntid, eller som opptak.

Fleire kameraeiningar og lydeiningar blir kopla saman for å gjere sanntidsopptak av lyd og bilete. I nokre samanhengar blir eksisterande opptak òg fletta inn i ei direktesending.

Fleirkameraproduksjonar er vanlege, ikkje berre i ved strøyming av foredrag, sports- og kulturhendingar, men òg i produksjon av underhaldningsprogram og nyheitssendingar.

Film: Fleirkameraproduksjon

Sjå filmen (lengde 4:48) og plukk opp tips til kva ein må passe på i ein fleirkameraproduksjon.

Video: Avia produksjon / CC BY-SA 4.0

Dei tre fasane i fleirkameraproduksjon

Vi deler prosessen i preproduksjon, produksjon og postproduksjon.

1. Preproduksjon

I preproduksjonen planlegg de både innhald og tekniske opp- og nedrigg. De tilpassar forarbeidet til typen produksjon.

  • Produserer de ei nyheitssending eller ein konsert?
  • Filmar de eit portrettintervju eller ein debatt?

  • Strøymer de eit foredrag?

Utgangspunktet for ein fleirkameraproduksjon er ofte eit bestemt konsept eller ein konkret idé. I nokre produksjonar gjer de opptak direkte i studio, mens andre produksjonar blir gjorde utandørs. Det er viktig at de skaffar dykk oversikt over kva de må gjere opptak av, og de må teste ut teknisk utstyr.

Lag ein detaljert køyreplan, gjer prøveopptak, og skjekk at lyd og bilete fungerer som det skal. Då sikrar de flyt i fleirkameraproduksjonen.

Sjekk ved prøvesending

Innspelingsleiaren har kontroll på køyreplanen og styrer sendinga frå start til slutt.

Fagfunksjonar øver seg på oppgåver og rekkefølga i arbeidsoperasjonane.

Programleiarar trener på manus og introduksjon på innslag og samkøyrer med kontrollrommet.

Fotografane øver seg på kamerarørsler som blir beskrivne i manus og/eller storyboard.

Innspelingsleiaren forsikrar seg om at programleiarar, kamera, lyd og biletmiksar er klare for opptak

Teknisk stab har kontroll på når kamera og lyd går, og sørger for å setje i gang sendinga.

2. Produksjon

Produksjonsfasen omfattar heile opptaksperioden. Ein fleirkameraproduksjon inneber at

  • de gjer opptak med fleire kamera samtidig
  • kablar sender biletsignala frå kamera inn til biletmiksaren
  • ein biletmiksar klipper mellom dei ulike kameraa

Merk at biletkjelder i ein fleirkameraproduksjon kan vere både innslag som er laga på førehand, og kamera som filmar direkte.

3. Postproduksjon

Postproduksjonen omfattar alt som skjer etter at fleirkameraproduksjonen er spelt inn. Det kan vere klipp eller at de legg på tekst, musikk og lydeffektar. Ved direktesending må de planlegge alt som er mogleg å førebu, på førehand.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 17.04.2026