Skisser i mediefaget: Framsida til eit magasin - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skisser i mediefaget: Framsida til eit magasin

Skissearbeid blir ofte brukt i grafisk design. Arbeidet handlar om å utvikle gode idear, utforske visuell formidling og få element til å passe saman, både i storleik og fargar. Ikkje minst er skisser eit godt utgangspunkt for god kommunikasjon med ein eventuell oppdragsgivar.

Det er altså mange fordelar å hente ved å bruke tid på å lage skisser.

Idéutvikling

Du kan prøve ut ulike idear. Skal ei framside til eit magasin som skal bli gitt ut til jul ha juledekorasjonar lagt over hovudtittel, eller skal ein julekledd modell eller ein juleting vere hovudmotivet? Kva vil passe best til magasinet sitt konsept, og kva for element vil kunne passe saman og ikkje? Med skisser prøver du ut ulike idear, forkastar og utviklar nye.

Utforsk visuell formidling

Du kan bruke skissearbeid til å utforske korleis ulike symbol, bokstavar, bilete og liknande kan setjast saman. Sit du ei stund og drodlar, kan du oppdage interessante, overraskande og gøyale kombinasjonar som i neste omgang vil vekkje interesse hos andre. For eksempel kan ein spenstig visuell kombinasjon av element vere det som vil utløyse eit kjøp hos potensielle kjøparar av eit magasin. Bruker du tid på å skisse, vil det i seg sjølv utløyse kreativitet og ny forståing og løysingar for ein grafisk komposisjon.

Komposisjonsprinisipp og layout

Når du har landa nokre idear, kan du skisse ut ulike variantar av komposisjonar med utgangspunkt i dei same elementa. Skal det vere rytme, einskap eller bevegelse som skal vere det sentrale og berande komposisjonsprinsippet? Målet er å styre blikket til mottakaren, og då må det vere ein naturleg flyt mellom dei elementa du vil skal oppfattast først og dei som skal oppfattast etter kvart.

Ofte må du forholde deg til nokre grenser; kvar har du fridommen din som designar? Det kan vere avgrensingar i formatet, i rammer sette i ein designmanual eller i ønske som er lagde fram av ein oppdragsgivar. Korleis får du ideen og komposisjonen din til å passe inn i rammene du må forholde deg til? Med mange, raske skisser får du fort oversikt over designmoglegheitene du har og moglege løysingar på dei rammene du må forholde deg til.

Kommunikasjon med oppdragsgivar

Jobbar du mot ein oppdragsgiver, vil du at vedkommande skal vere fornøgd med resultatet. Gjennom å vise ulike utkast, kan oppdragsgivar forklare kva som ligg nærmast det som var tenkt i bestillinga, og elles be om justeringar.

Enkelte vil nok gå så langt som å seie at visuelle eksempel er heilt nødvendige for å lykkast med kommunikasjon mellom designar og oppdragsgivar.

Skrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2017