Finn sjangertrekk
1. Finn sjangertrekk i filmen
I filmen under (lengde 00:32) ser vi ein ung mann som trener i eit treningsstudio. Det er tungt. Men etter at han drikk ein slurk frå ein boks merkt "Trøll", blir alt mykje lettare.
Kva sjanger høyrer denne filmen til?
Kva kjenneteikn ved filmen bidrog til at du valde å plassere denne filmen i nettopp denne sjangeren?
Kva er formålet med filmar i denne sjangeren?
2. Finn sjangertrekk i eit tv-program
- Sjå dei første fem–ti minutta av siste episode i NRKs programserie Nytt på nytt.
- Kva sjanger høyrer dette tv-programmet til?
- Kva signal gir vignetten om sjangeren?
- Kva signal gir programleiarintroduksjonen om sjangeren?
- Korleis er programmet bygd opp?
Kva forventar du som sjåar av dette programmet?
3. Finn sjangertrekk i ein skriftleg tekst
Studer teksten nedanfor. Kva sjanger høyrer denne teksten til?
Kva seier innhaldet om kva sjanger teksten høyrer til?
Kva seier forma om kva sjanger teksten høyrer til?
Tekstutdrag frå En biologisk supercomputer?
Sjakkvidunderet Magnus Carlsen speider ikke etter grønnere gress mens han beiter på grønne enger. Han konsentrerer seg heller om å tygge.
– Nja-ei, noe lidenskapelig forhold har jeg vel aldri hatt til spillet.
Magnus Carlsen drar på det, men én ting gjøres umiddelbart klart: Carlsen er ikke en av disse som freser rundt og gløder av lidenskap for ting.
– Som barn tenkte jeg ikke akkurat på å bli sjakkspiller, sier Carlsen avmålt og realistisk. (Haugen, 2011)
