Same bodskap – andre verkemiddel
1. Beskriv handling og bodskap
Sjå Christopher Nielsens kortfilm Rulletrappen (lengde 9:47).
- Beskriv handlinga i filmen ved hjelp av ti viktige stikkord. Desse stikkorda skal du bruke seinare i eigen produksjon.
- Ein filmskapar bruker ofte filmen til å gi uttrykk for eigne tankar om tilværet. Korleis tolka du bodskapen filmskaparen kjem med i denne kortfilmen?
2. Fortel historia på ein ny måte
No skal du lage ei ny forteljing ved hjelp av andre forteljemåtar og verkemiddel. Men bodskapen skal vere det same som i kortfilmen. No har du bruk for stikkorda du skreiv då du såg filmen.
Du kan velje mellom desse sjangrane:
- blogginnlegg
- munnleg eller skriftleg kåseri
- høyrespel
Set deg godt inn kva sjangeren inneber og kva verkemiddel du har til rådvelde i denne sjangeren, før du lagar forteljinga.
3. Vurder og diskuter
Framfør forteljingane i klassen. For kvar framføring gir to elevar tilbakemelding på noko som er bra, og éin elev tilbakemelding på noko som kunne ha vore betre.
Diskuter til slutt:
- Har de oppfatta bodskapen i kortfilmen Rulletrappen på same måte? Kvifor? Kvifor ikkje? Diskuter dykk fram til ein bodskap de er samde om.
- Kva tenkjer de om problemstillinga Nielsen tek opp i kortfilmen?
Relatert innhald
Petit og kåseri er subjektive tekstar med munnleg preg. Tekstane har ofte ein humoristisk undertone.
Ei enkel innføring i forteljeteknikk for radio og podkast.