Produksjon av ei nyheitssending - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Produksjon av ei nyheitssending

Mange personar er involverte når ei nyheitssending går på lufta, både framfor og bak kameraet.
Resymé av NRK Skole-klippet "Vaktsjef"

Når du er vaktsjef i nyheitene, er det du som bestemmer kva nyheiter som skal på sending, og i kva rekkefølge dei skal presenterast. Med avgrensa ressursar må mannskapet utnyttast på best mogleg måte.

Maria Nakken er vaktsjef i Østlandssendingen og er god på planlegging. Vaktsjefoppgåva er også å motivere og rettleie journalistane, og gi ros, ris og trøyst når dei treng det.

Same kor mykje ein planlegg, skjer det alltid noko dei siste timane før sending som krev forandringar. Men det hjelper alltid å ha ein plan.

Jobben som vaktsjef byr på nye utfordringar kvar dag. Det kan vere tøft når det stormar og viktige avgjerder må takast raskt. Men når alt klaffar og sendinga blir god, er lagkjensla og teamarbeidet det som gjer jobben ekstra fin.

Vaktsjefen har ansvaret for alt innhaldet i nyheitssendinga. Vaktsjefen styrer avviklinga av programmet og tek avgjerder om kva som skal sendast og gjerast i studio. Under sendinga styrer hen programmet frå "kulissane". Vaktsjefen blir også kalla produsent.

Den faste nyheitsopplesaren i ei nyheitssending på TV blir kalla nyheitsankeret. Hen er sjåarane sitt faste haldepunkt i sendinga og har ofte ein hjelpar ved sida av seg i studio.

I samarbeid med vaktsjefen gir nyheitsankeret ordet vidare til reporterar utanfor studio eller kommentatorar som blir tekne inn i studio.

Skripten held styr på når dei ulike innslaga skal på lufta.

I tillegg må nokon ha ansvaret for kamera, lyd og lys under sendinga.

Fordel roller


Ei nyheitssending krev mange i arbeid i ulike roller, og ho krev at de fungerer som eit team. Set opp ei liste over kven som gjer kva, og sørg for at kvar og ein er klar over kva rolla inneber.

Sentrale roller i ei nyheitssending

  • vaktsjef

  • regi

  • nyheitsanker

  • reporterar/kommentatorar

  • skript

  • fotograf

  • lydansvarleg

  • lysansvarleg

  • biletmiksar

  • scenograf/sminkør

Hald redaksjonsmøte

Nyheitsavdelingar har faste møte for å oppdatere kvarandre på kva som skjer, og for å planlegge innhaldet i sendingane sine. Når de har fordelt roller, bør leiaren kalle inn til møte i redaksjonen. Sørg for at alle førebur seg til møtet og har med minst to idear til saker de kan lage. I møtet bestemmer de planen vidare. Høyr nyheiter, les aviser og bruk andre kjelder for å finne aktuelle saker!

Lag køyreplan


Når de har komme lenger i prosessen, bør de lage ein køyreplan. Ein køyreplan er ei oversikt over innhaldet i og rekkefølga av dei ulike innslaga i ei nyheitssending. Køyreplanen skal innehalde introduksjon til dei ulike innslaga og tidspunkt for når innslaga begynner og sluttar.

Døme: Slik kan ei nyheit presenterast

  1. Saka blir introdusert.
    Ankeret fortel med få ord kva saka dreier seg om (kva – når – kven – kvar). Bruk gjerne eit stillbilete i bakgrunnen som konkretiserer og visualiserer nyheita.

  2. Ein journalist rapporterer på staden.
    Så blir nyheita dramatisert. Ein reporter på staden blir introdusert gjennom eit lite bilete ved sida av ankeret, og ankeret gir hen lov til å fortelje på direkten kva som skjer der ute. Sjåarane blir no tekne med til sjølve staden for hendinga.
    Reporteren har på førehand fått vite kor mykje tid hen har til disposisjon, og må bruke denne sendetida mest mogleg effektivt. Reporteren snakkar direkte inn i kameraet, hen vender seg til ankeret og dermed til oss sjåarar. Reporteren har med eit intervjuobjekt som blir intervjua eller svarer på spørsmål frå studio. Reporteren rundar av med å gi ordet tilbake til ankeret i studio.

  3. Ankeret i studio leier merksemda vår over til ein ny person som kjem inn i biletet, og som blir introdusert for oss. Dei har ein samtale seg imellom som ankeret dirigerer med spørsmål. Det er viktig i ein slik dialog at hen er i stand til å fange opp det den andre seier, og bruker oppfølgingsspørsmål der hen ser noko interessant dukke opp.

Relatert innhald

Fagstoff
Å klippe ei nyheitssak i NRK

Vi følgjer journalist og videoprodusent Benjamin Fredriksen i NRK når han gjer opptak og klipper saman ei nyheitssak for NRK Nordland.

Skrive av Jostein Saakvitne og Maren Aftret-Sandal. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021