Podkasten Diagnose - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Podkasten Diagnose

St. Olavs hospital starta opp sin eigen podkast i 2018 og når eit stort publikum. Finn ut kva sjukehuset har gjort for å byggje opp podkasten sin.

Starten

Kommunikasjonsavdelinga ved St. Olavs hospital har arbeidd sidan 2018 for å utvikle podkasten sin, Diagnose. Podkastredaksjonen består av kommunikasjonsrådgivarane Kirsten McDonagh og Elling Finnanger Snøfugl og multimedieprodusenten Lars Lian.

St. Olavs hospital hadde lenge hatt eit ønske om å produsere ein podkast. Då fleire med radiobakgrunn kom inn i kommunikasjonsavdelinga samtidig, blei det mogleg. Leiaren sette av tid og ressursar, og styret gav godkjenninga si.

Målet var å jobbe med samfunnsoppdraget til sjukehuset med folkeopplysning ut mot befolkninga, å formidle informasjon om helse og forsking og å bryte ned stigmaet rundt ulike diagnosar.

Kvart halvår blir det publisert seks episodar med ulikt tema frå gong til gong. Nokre av temaa har vore

Podkasten blei populær på kort tid og ligg på iTunes' toppliste innan podkastar om helse i Noreg.

Malen for ein podkastepisode

Podkastprogramleiarane brukte ein god del tid i starten på å finne forma på podkasten. Etter kvart har formatet blitt som følgjer:

Mal for podkasten Diagnose

  • Kvar episode er cirka 20 minutt lang.
  • Episoden startar med vignett og ein teaser om dagens tema.
  • Det er eitt tema for kvar podkastepisode.
  • Ein fagperson frå sjukehus- eller universitetsmiljøet er gjest og ekspertkjelde.
  • Ei erfaringskjelde er gjest i kvar episode.
  • Episoden blir redigert, og det blir rydda i lyden før podkasten går på lufta.
  • Det er lagt vekt på god lydkvalitet og bruk av musikk og lydeffektar.

Erfaringsdeling

Podkastredaksjonen leiter etter intervjuobjekt som er flinke til å prate på radio. Det er viktigare at det er ein god formidlar, enn at intervjuobjektet har ein imponerande tittel.

Episodane skal vere tidlause, og det blir ikkje nemnt årstider eller andre ting som er spesifikke for tidspunktet episoden blir spelt inn, slik at podkasten kan lyttast til når som helst.

Det er viktig å fokusere på god lydkvalitet. Podkastlyttarane har mykje å velje mellom no og har blitt meir kresne lyttarar.

Mange av temaa og forskinga som podkasten tek opp, kan vere tungt stoff, og erfaringa til redaksjonen er at podkast er eit format som passar godt til det. Publikum bruker gjerne 20 minutt av tida si til podkast.

Diagnose har kjøpt abonnement på lydbiblioteket Epidemic sound, som gir tilgang og rettar til å bruke musikk og lydeffektar. I tillegg abonnerer Diagnose på serveren Spreaker, som legg ut episodar til aktuelle strøymekanalar som iTunes og Spotify.

Teknisk utstyr

Sjukehuset har brukt om lag 20 000 kroner på lydutstyr for å lage podkasten. Kommunikasjonsavdelinga hadde ein redigeringsmaskin med tilgang til Adobe-pakken og lydprogrammet Audition frå før. Programvara er brukt til opptak og redigering. Studioet er eit rigga møterom.

Utstyr og tenester som er skaffa for å produsere podkasten, er

  • mikrofonar og stativ til dei
  • lydkort som er bindeledd mellom mikrofonar og datamaskin
  • tilgang til musikk og effektlydar som dei har rettar til å bruke
  • strøymeteneste

Klikk på punkta for å finne ut meir om rommet der Diagnose blir spelt inn.

Etikk og kvalitetssikring

Kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne ved St. Olavs hospital står som redaktør for Diagnose. Redaksjonen omarbeider intervju og legg på musikk, voice-over og lydeffektar i redigeringa, og dei ønskjer best mogleg lydoppleving.

Intervjuobjekta som medverkar i podkasten, får lytte til intervjuet og episoden før han blir publisert, slik at dei kan kome med innspel og kontrollere at informasjonen blir riktig. Episodane blir altså sjekka nøye både fagleg og teknisk før dei blir publiserte.

Podkasten møter mange menneske med spesielle sjukdomserfaringar. Før deltakinga i programmet skriv intervjuobjekta under på eit samtykkeskjema og gir unntak frå teieplikta. Fagpersonane snakkar på generelt grunnlag, og dei snakkar ikkje konkret om erfaringsgjesten. Det blir teke opp to intervju om same tema som blir klipte saman i etterkant.

Tips til andre som vurderer å lage podkast

  • Finn ut kvifor de skal lage podkast.
  • Finn ut kva de ønskjer å fortelje.
  • Fortel om noko du er god på.
  • Det treng ikkje vere dyrt eller vanskeleg å lage podkast.
  • Prioriter å ta opp god lyd.
  • Jobb med forma og konseptet.
Kjelde

McDonagh, K. (personleg kommunikasjon, 16. desember 2020).

Relatert innhald

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020