Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Lyd
Video
Interaktivt innhald

Kva er ein sjanger?

Ein sjanger er ein slags avtale mellom sendaren og mottakaren av eit medieinnhald. Når du skal setje saman eit medieuttrykk, finst det nokre reglar og forventningar du bruker for kommunisere godt med publikummet ditt.

Sjangerkonvensjonar

Omgrepet sjanger har fransk opphav og betyr slekt eller art. Felles sjangertrekk ved form og/eller innhald gjer det enklare å kommunisere gjennom medieuttrykk.

Det er ikkje tilfeldig at eit medieuttrykk blir som det blir. Både sendaren og mottakaren veit kva kjenneteikn, eller sjangerkonvensjonar, som gjeld for ein bestemd sjanger. Vi forventar at ein kriminalroman handlar om brotsverk, offer, skurkar og etterforskarar. Dei fleste av oss ville bli nokså lange i maska dersom saka aldri vart løyst. Det ville vere sjangerbrot.

Eit medvite forhold til sjangerkonvensjonar er viktig for dei som produserer eit medieuttrykk, og for dei som får og tolkar uttrykket. Medieuttrykk signaliserer vanlegvis omgåande kva sjanger dei tilhøyrer.

Ser du meir nøye på reklameplakaten til høgre, oppdagar du at dette ikkje er ein heilt vanleg reklameplakat. Det er ein anti-reklame, òg kalla ein adbuster.

Her er idé, komposisjon og estetikk brukt som verkemiddel for å få deg til å tru at det er reklame, men bodskapen er ikkje "løp og kjøp", det er heller "la vere å kjøpe".

Lån av sjangertrekk frå reklameplakatar blir brukt av Adbusters, som er ein ideell organisasjon som er mot kommersialisering.

Nettopp fordi plakaten over ikkje er ein reklameplakat, er det enkelt å sjå kva som er sjangertrekk lånt frå reklameplakatar:

  • eit visuelt uttrykk der biletet er eit sentralt element
  • komposisjonen av element fokusert rundt ein idé
  • heilskapleg estetikk – i dette tilfellet vil det seie at formgiving av bilete og skifttypar står i stil med logoen
  • ståande format, eit format som passar inn i magasin og på stoppestader for kollektivtransport, til liks med reelle reklameplakatar

Sjangertrekk

Utan å tenke over det oppfattar vi ganske omgåande kva sjanger eit medieuttrykk tilhøyrer. Dermed kan vi innstille oss på korleis vi tek imot inntrykk og bodskap. Det gjer oss til meir effektive og merksame mottakarar.

Felles kjenneteikn ved medieuttrykk innanfor same sjanger kallar vi for sjangertrekk. Det er kjenneteikn som går igjen innanfor same sjanger. Fellestrekka kan dreie seg om

innhald
tematikk, til dømes kjærleik, krig, miljø, brotsverk
form
trekk ved formgiving og komposisjon, til dømes oppbygging, verkemiddel, visuelle kjenneteikn
formål eller funksjon
til dømes informere, underhalde eller overtyde
relasjon til verkelegheita
om det er fakta eller fiksjon, subjektivt eller objektivt

Kva fellestrekk?

Kva er dei viktigaste fellestrekka for desse sjangrane?

  • krim

  • nyheitsreportasje

  • mem

  • reklameplakat

  • reality-tv

Døme 1: Forventningar til nyheitssjangrar

Vi forventar at journalistikk er faktabasert, påliteleg og objektiv. På same måte forventar vi at nyheitsopplesaren på radio framfører meldingane på ein sakleg og seriøs måte.

Vi har ein felles kulturell overeinskomst om kva betydninga er av dei lydane vi høyrer, og måten dei er sette saman på. Autoriteten i stemma til nyheitsankeret er eit viktig kjenneteikn på at sjangeren er ei nyheitssending.

Ei slik forståing av sjangeren gjer at du som mottakar har forventningar om å få servert seriøse, faktabaserte situasjonsbeskrivingar og forteljingar frå inn- og utland.

Høyr på radioklippet

Kvifor veit du at radioklippet er ei nyheit? Kor mange sjangertrekk finn du?

Nyheitsoverskrifter frå NRK Alltid nyheiter

0:00
-0:00
Lyd: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Døme 2: Forventningar til subjektive sjangrar

Kronikkar, kommentarar og lesarinnlegg i aviser er som oftast merkte, slik at vi som lesarar kan ha i mente at dette er subjektive meiningsytringar, ikkje objektive beskrivingar av fakta. Det styrer måten vi les teksten på.

Subjektive ytringar finn vi òg i sosiale medium. I nokre tilfelle er det som blir formidla, rein løgn. Sjangerkompetanse handlar derfor òg om å kunne kjenne igjen falske nyheiter og propaganda.

Kva kjenneteiknar sjangeren rapp?

Rapp er både ein musikalsk og ein litterær sjanger. Reflekter saman med ein medelev over kva som kjenneteiknar sjangeren rapp.

Ta utgangspunkt Lars Vaulars rapp "En eneste".

  • Kva typiske sjangertrekk har teksten og musikken?

  • Oppfyller "En eneste" dei forventningane de har til denne sjangeren?

Døme 3: Forventningar til filmsjangrar

I spelefilmar gir anslaget ein peikepinn om kva slags film det er vi ser på. Vi får eit frampeik på kva konflikten dreier seg om, og vi blir presenterte for hovudkarakterane i filmen. Etter fem minutt veit dei fleste av oss om vi ser på ein science fiction-film, eller ein god, gammaldags westernfilm, og vi innrettar forventningane våre etter det.

Spelefilmar er oppdikta historier. Dokumentarar bygger på og formildar fakta. Dei forventningane vi har til ein dokumentar, er derfor heilt forskjellige frå dei forventningane vi har til ein spelefilm.

Sjå anslaget i filmen De andre (lengde 2:18)

  • Kva sjanger trur du denne filmen tilhøyrer?

  • Kva forventar du av denne filmen når det gjeld innhald, form og formål og korleis filmen forheld seg til verkelegheita (fakta eller fiksjon)?

Sjanger på tvers av medium

Når du skal lage medieuttrykk, er det altså viktig å bruke sjangertrekk for å skape og oppfylle forventningane til mottakarane. Det bidreg til å få fram bodskapen på ein effektiv måte.

Ein sjanger er i utgangspunktet ikkje knytt til eit spesielt medium. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å vise eit fotografisk portrett på radio. Men det er mogleg å lage lydbilete som gir lyttarane ei lik oppleving. Du kan skrive ei kriminalforteljing i bokform, men du kan òg formidle den same forteljinga i form av ein podkast.

Sjangeren reportasje finn vi både i avis, radio og fjernsyn. Men i produksjonen av ein fjernsynsreportasje vil du bruke andre verkemiddel enn i avisreportasjen. Det avisreportasjen og fjernsynsreportasjen har felles, er at begge er ei forteljing om noko som faktisk har skjedd, sett gjennom auga til ein reporter.

Tenk over

Her er tre ulike sjangrar:

  1. dagbok

  2. komedie

  3. debatt

Korleis kan kvar sjanger formast ut i minst to ulike mediekanalar?

Sentrale fagomgrep

sjanger
betyr slekt, type, kategori, klasse eller art, ulike kategoriar av skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk og så vidare som har visse fellestrekk
sjangerkonvensjonar
når sendar og mottakar har same oppfatning av kva som er fellestrekk ved tekstar innanfor same sjanger
subjektiv
betyr personleg, motsett av objektiv
objektiv
sakleg, upersonleg, upartisk, allmenngyldig, motsett av subjektiv
fakta
rette og sikre opplysningar om verkelegheita
fiksjon
ei forteljing med oppdikta personar og hendingar, til dømes romanar, fiksjonsfilmar og fjernsynsdrama

Sjekk kva du kan om sjangrar

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 10.03.2025