Forteljeteknikk i radio og podkast
Mange lydforteljingar er oppdikta, men ei forteljing kan òg handle om noko som faktisk skjer eller har skjedd. Måten ei historie er fortald på, kallar vi ofte eit narrativ.
Det vi gjer når vi fortel ei historie, kallar vi narrasjon. Forteljaren i ei lydforteljing er viktig for måten vi oppfattar ei historie på. Han eller ho organiserer stoffet og lar oss sjå det som hender, frå bestemde synsvinklar.
Podkastar er redigerte lydprogram som blir distribuerte på internett. I mange podkastar møter vi eit panel med personar som diskuterer eller snakkar laust og fast om eit tema. I andre podkastar er hovudformålet å fortelje ei historie. Slike podkastar blir kalla historieforteljande podkastar.
I denne videoen fortel journalist Sindre Leganger korleis han jobbar med historieforteljande podkastar:
Lytt til døme
Lytt til døme på historieforteljande podkastar:
Når du lagar eit radiointervju, er det intervjuobjektet som er "helten" i forteljinga di. Det er jobben din å gjere denne heltefiguren tydeleg for lyttarane.
Sjå gjerne nærare på korleis andre kjende forteljarar grip fatt i saka. Siri Knudsen i NRK P3 let seg til dømes inspirere av Asbjørnsen og Moe då ho jobba med radiodokumentaren sin om artisten Truls Heggero.
Den gode lydhistoria
Tekstversjon
Deltakar:Siri Knudsen(Det er òg brukt diverse lydklipp, mellom anna frå Ivo Caprinos film "Askeladden og de gode hjelperne", barne-tv-programmet "Så rart" med bamsen Teodor og dokumentaren Knudsen snakkar om.)
I det siste har eg funne mykje inspirasjon hos eit par karar som eg eigentleg ikkje har hatt eit forhold til sidan eg slutta på barneskulen, nemleg Asbjørnsen og Moe. Strengt teke er det ikkje dei to i seg sjølve som har inspirert meg, men eventyra dei samla inn …
(Eldre mann:) Ja, eg sit nettopp her og skriv ned eit eventyr.
… nemleg norske folkeeventyr, som blir fortalde minst like mykje i dag, og sannsynlegvis endå meir no enn då dei oppstod for fleire hundre år sidan.
(Eldre mann:) Så var det Per, Pål og Espen Oskeladd som ville prøve seg.
Grunnen til at desse eventyra ikkje har gått ut på dato, er sjølvsagt at dei er gode historier, og ikkje minst at dei er godt fortalde på ein måte som engasjerer dei som høyrer på.
(Barn:) Tenk halve kongeriket, då! Og så heile prinsessa!
Og det har eg altså latt meg inspirere av i det siste. Det er jo sjølvsagt ein god del ved eventyrforteljing ein ikkje bør la seg inspirere av som journalist. Til dømes meiner eg definitivt at ein ikkje bør starte nyheitssaker med:
(Eldre mann:) Det var ein gong ein konge.
Og i motsetning til i eventyra er det ein fordel at du som journalist faktisk fortel det som er sant.
(Monoton mannsstemme:) Det må vere sant fordi det har stått i avisene.
Men ein må hugse på at journalistikk handlar om historieforteljing. Då eg til dømes fekk i oppgåve å lage ein radiodokumentar for P3, sette eg meg ned og tenkte: "Kva er ei spennande og god historie som eg har lyst til å fortelje folk?" Då kom eg på Truls, som tidlegare var vokalist i indierockbandet Lukestar …
(Klipp frå Lukestars song "Flying Canoes":) If you save yourself …
… og som no hadde bestemt seg for å gå vidare som soloartist, og i ein heilt annan sjanger, nemleg RnB. Det var noko som veldig mange syntest var veldig rart …
(Bamsen Teodor:) Så rart!
… men han hadde bestemt seg for å gjere det uansett. Då har eg sjølvsagt helten min, sjølvaste Oskeladden, nemleg Truls.
(Truls Heggero:) Musikken min er ei form for kjærleik, formidla med tonar, så det er ei kjærleikserklæring til alle som høyrer.
Då er det viktig at han òg blir helten til alle som høyrer på, at ein verkeleg heiar på han.
(Truls Heggero:) Eg er så nervøs at eg er heilt frustrert. Eg veit ikkje kva eg seier og tenker.
Helten har sjølvsagt nokre gode medhjelparar, som i dette tilfellet er produsent Thomas Eriksen.
(Thomas Eriksen:) Første gongen eg høyrde stemma di, blei eg seld.
Helten vår har òg eit mål, nemleg at folk verkeleg skal elske den nye musikken hans, men for å lykkast må han gjennom ein del prøvingar. Han må mellom anna få låten sin inn på spelelistene til P3, og der kjem det første hinderet, i form av til dømes den skeptiske musikkprodusenten Wolfgang Wee.
(Wolfgang Wee:) Eg har aldri vore Lukestar-fan. Eg trur det aldri kjem til å bli favorittartisten min.
I tillegg må Truls òg overkomme den indre motstanden sin.
(Truls Heggero:) Sjølv om eg verkar sjølvsikker no, er det masse tvil inni meg, og eg lurer på masse ting.
Ikkje minst må Truls overtyde musikkbransjen på festivalen By:Larm, som er den verkeleg store prøvinga. Der skal han spele låtane sine live for aller første gong for eit spesielt vanskeleg publikum.
(Truls Heggero:) Eg veit at det kjem til å komme folk på konserten som ikkje er positive. No kjenner eg at eg er veldig, veldig nervøs, så nervøs som eg nesten ikkje har vore før.
Om det blir happy ending før …
(Eldre mann:) Snipp, snapp, snute, så er det eventyret ute!
Det kan du sjekke ut på p3.no/dokumentar.
Ein radioreportasje kan byggast opp dramaturgisk. APUS-modellen eignar seg godt til å strukturere reportasjar og andre forteljingar med lyd. A står for "Anslag", P står for "Presentasjon", U står for "Utdjuping", og S står for "Slutt".
Anslaget kjem først. Her får vi vite kva sakahandlar om. Anslaget skal gjere tilhøyrarane nysgjerrige og skape interesse. Anslaget kan bestå av musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd.
Presentasjonen gir eit innblikk i kva saka dreier seg om.
Utdjupinga skal gi svar på eventuelle spørsmål som er stilte i presentasjonen, og innehalde fleire opplysningar og nyansar.
Slutten kan variere litt etter kva saka dreier seg om. Han kan til dømes konkludere, komme med ei siste opplysning eller vere ein "punchline".
Lytt til eit døme
Her er eit døme på forteljeteknikk i ein radioreportasje frå 2017:
Ein radiodokumentar består av autentiske opptak frå verkelegheita. Materialet i ein dokumentar er intervju, miljølyd og forteljarstemme. I innslaget nedanfor fortel Siri Knudsen om korleis ho går fram når ho lagar ein radiodokumentar om rockebandet Oslo Ess, eit rock/pønk-band frå Oslo.
Radiodokumentar
Tekstversjon
Eg er så sjukt heldig. Eg har nemleg fått lov til å gjere noko eg har hatt lyst til å gjere utruleg lenge, nemleg å lage ein radiodokumentar.
(Jingle:) P3 dokumentar!
Det å i det heile få mogelegheita til å bruke tid på å lage ein radiodokumentar, det er berre heilt fantastisk. Men det er klart, det er òg ganske krevjande å lage dokumentar. Når du først har mogelegheita til å verkeleg gå i djupna på eit emne, då må du faktisk gå i djupna. Til dømes då eg bestemte meg for å lage ein dokumentar som mellom anna handla om korleis gutane i rockebandet Oslo Ess held ut å vere så mykje på turné som dei er. Då held det ikkje å setje seg ned på kafé i ein time og spørje dei korleis det er å vere på turné. Nei, då må ein bli med dei på turné.
(Lydklipp, gitarriff, applaus, plystring, mannsstemme:) Finnish friends, what do you say?
Og dersom ein skal få eit ordentleg innblikk i korleis det faktisk er å vere på turné med Oslo Ess og få samla nokre gode situasjonar på teip, då held det ikkje å henge med dei i ein time eller to før konserten og så gå tilbake til hotellet og slappe av og kanskje ta eit fly til neste stopp på turneen. Nei, då må ein henge med dei mens dei ventar på å komme i gang med lydsjekk.
(Lydklipp, bandet som snakkar om øl, og ein kork som blir jekka.)
Ein må vere der mens dei varmar opp til konserten.
(Lydklipp, mannsstemme:) Anders ringde no, og det er 20 minutt til konsert, sa han.
Ein må vere der når dei går av scenen …
(Lydklipp, mannsstemme:) Ikkje det beste vi har spelt. (Ei anna mannsstemme:) Nei, men eg synest det gjekk jævlig greitt, liksom.
… og ikkje minst når dei festar vidare ut over natta.
(Lydklipp, festprat og lystige stemmer.)
Og så må du vere der når dei er slitne dagen etterpå …
(Lydklipp, hås mannsstemme:) Det vart jo greitt i går.
… når dei lastar instrument og alt av utstyr inn i den kjempeslitne minibussen som er minst 30 år gammal og har ei dør som held på å falle av.
(Lydklipp, bildør som blir slamra og stemmer.)
Du må vere der når bandet ventar på dei medlemmene i bandet som ikkje har sove på hotellet og ikkje har med seg mobiltelefon.
(Lydklipp, mannsstemme:) Telefonen til Oscar ligg ute på backstagen. (Ei anna mannsstemme:) Ja, men herrefred …
Og ikkje minst må du presse deg inn i den kjempegamle minibussen som skal køyre til neste turnéstopp, med alt kva det inneber. Som til dømes at fyren ved sida av deg opnar opp bilvindauget og tissar ut på motorvegen i fart.
(Lydklipp, bil som køyrer med opent vindauge, latter.)
Då kan du i det minste seie at du verkeleg var der for å dokumentere at det skjedde.
Eit høyrespel eller lyddrama er ei fiktiv forteljing der skodespelarar framfører replikkane. Det er viktig å bruke stemmer som tydeleg skil seg frå kvarandre, slik at tilhøyrarane aldri er i tvil om kven av rollefigurane det er som snakkar. Kulissane blir skapte ved hjelp av ulike miljølydar. Det gir tilhøyrarane eit bilete av kvar og i kva miljø handlinga går føre seg. Musikk og effektlydar skapar og forsterkar kjensler og bygger opp spenning.
NRK Skole har fleire videoklipp som handlar om korleis ein lagar høyrespel: