Dryads – Girls Don't Cry - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Dryads – Girls Don't Cry

Dryads – Girls Don't Cry er regissør Sten Hellevigs langfilmdebut. Hovudpersonen er den pliktoppfyllande tenåringen Hilde. Henriette og bandet hennar Dryads flyttar inn i nabohuset hos Hilde.

Om filmen

Hilde blir så fascinert av Henriette at ho låner faren sitt fotoapparat og tek bilete av henne i smug. Henriette legg etter kvart merke til Hilde, og ho inviterer henne med inn i nabohuset. Her er det musikk, ville festar, fridom og opprør som rår.

Hilde blir raskt Henriette sin eigen husfotograf og tek bilete av henne, mellom anna på øvingar. Ho filmar også med mobilen då Dryads øver på den nye songen "Mr. Old Guy (Rome Paris Home)". Hilde set i gang med å lage musikkvideo til låta.

Henriette veit ikkje at Hilde har filma mens dei har øvd. Ho veit heller ikkje at Hilde er i gang med å lage musikkvideo. Dette set Hilde i ein vanskeleg situasjon; kan ho leggje musikkvideoen ut på YouTube utan å fortelje det til Henriette først?

Relatert innhald

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019